1,6 millionar i grasrotmidlar til fensfjordkommunane
Organisasjonar registrert i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje fekk 1,6 millionar utbetalt av Norsk Tipping sine grasrotmidlar i 2025.
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 31.01.2026 07:45
AUSTRHEIM IL: Dette G15-laget til Austrheim IL imponerte på Norway Cup i sommar. Austrheim Idrettslag er den største grasrotmottakarane i fensfjordkommunane. (Arkivfoto: privat)
Grasrotordninga til Norsk Tipping gjer det mogleg for spelarar å sikre at deler av overskotet til Norsk Tipping går til eit lag eller organisasjon som ein sjølv har vald.
Over 1,2 millionar nordmenn har registrert eit valfritt lag eller organisasjon som grasrotmottakarar, og denne organisasjonen får dermed inntil sju prosent av speleinnsatsen til personen som har registrert dei.
I 2025 delte Norsk Tipping ut 879 millionar i grasrotmidlar, eit rekordhøgt beløp.
1,6 millionar av desse enda opp hos lag og organisasjonar registrert i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje. Desse midlane er basert på drygt 2,500 registrerte grasrotgjevarar.
Det er verd å merke seg at enkelte lag har registrert adresse i ein annan kommune enn der hovudaktiviteten til laget føregår. Til dømes kjem Lindås Skyttarlag inn på Austrheim-lista. Det vil også kunne vere lag som opererer i ein av dei fire fensfjordkommunane som er registrerte i ein annan kommune. Det finst også lag som operer på tvers av kommunegrensene, men som er store grasrotmottakarar, til dømes Nordhordland Røde Kors, som er registrert i Alver og som i 2025 fekk utdelt drygt 86.000 kroner i grasrotandel.
Den desidert største mottakaren registrert i fensfjordkommunane er Austrheim Idrettslag, med nesten 198.000 kroner i tildelt grasrotandel i 2025. Nummer to på lista er Austrheim Songlag med 77.700 kroner, etterfølgd av Fedje Idrettslag med 66.500 kroner.
Her er heile lista fordelt etter kommunar. Tal på registrerte grasrotgjevarar i parentes.
Austrheim:
AUSTRHEIM FRILYNTE UNGDOMSLAG - kr 4 177.65 (8)
AUSTRHEIM UNGDOMSKLUBB - kr 19 295.60 (32)
AUSTRHEIM IDRETTSLAG - kr 197 978.67 (289)
AUSTRHEIM SVØMMEKLUBB - kr 47 201.21 (63)
EQUINOR BIL MONGSTAD - kr 151.51 (1)
LINDÅS SKYTTARLAG - kr 35 899.45 (45)
LINDÅSNESET SKYTTARLAG - kr 14 081.84 (25)
NORDHORDLAND DYKKERKLUBB - kr 4 946.25 (16)
PENSJONISTFORBUNDET AUSTRHEIM - kr 355.95 (1)
STIFTELSEN GIVING HOPE TO A CHILD - kr 31 261.69 (46)
AUSTRHEIM ROCKEVERKSTAD - kr 8 992.39 (3)
AUSTRHEIM SKULEKORPS - kr 27 443.11 (38)
AUSTRHEIM SONGLAG - kr 77 670.69 (52)
FONNES BYGDELAG - kr 26 217.79 (41)
KALAND SKULEMUSIKKLAG - kr 24 964.54 (42)
KUNSTHUSET AUSTRHEIM - kr 2 185.89 (3)
LAGET FERGEN - kr 9 150.71 (11)
BAKKØY GRENDALAG - kr 32 288.57 (43)
DYRNES, REBNOR OG ØKSNES GRENDALAG - kr 17 584.80 (31)