
Om Fensfjorden.no
Fensfjorden er ei heilt ny digital lokalavis som skal dekka kommunane Gulen, Fedje, Masfjorden og Austrheim. Dette er fire stolte utkantkommunar fullt av engasjerte innbyggarar som saman ønsker å skape lokal utvikling. Det vil Fensfjorden vere ein del av, og skal difor bidra med god og spennende journalistikk om dei sakene som betyr mest for lesarane. Hovudfokuset vil vere på politikk og næringsliv, to sentrale tema knytt til lokal bygdeutvikling.
Fensfjorden er opptatt av å lytte til lesarane, og tar imot alt av tips og innspel med stor takk og glede. Saman vil me skape engasjement for det som rører seg i regionen.
Avisa er eit samarbeid mellom Skavl Media og redaktør Øyvind Bjerkestrand, som hadde idéen om eiga lokalavis i fensfjordregionen. Bjerkestrand er født og oppvaksen i Austrheim, men har gjennom dei siste åra jobba i Bladet Tysnes i Sunnhordland både som journalist og redaktør/dagleg leiar. No er han derimot klar for å koma heim og utøve sitt journalistiske virke i dei områda som står hjartet nærast.
Dette blir eit eventyr!
Helsing redaktør Øyvind Bjerkestrand.