FENSFJORDEN
Publisert for omtrent to månader sidan|Nyheiter

10 millionar i Eviny-utbyte til fensfjordkommunane

Av årets rekordhøge Eviny-utbyte på 1,1 milliardar kroner, dryp omtrent 1 prosent på Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 13.02.2026 09:30
Fensfjorden
PENGEDRYSS: Drygt 10 millionar kroner frå Eviny-utbytet for 2025 endar i dei fire fensfjordkommunane. Austrheim får mest med knappe 4,8 millionar kroner.

Kvart år deler kraftselskapet Eviny ut utbyte til eigarane. For 2025 ligg det estimerte utbytet an til å bli rekordhøgt. Selskapet estimerer eit utbyte på drygt 1,1 milliardar kroner.

Statkraft og Bergen kommune er dei soleklart største eigarane, og dermed dei som får den klart største delen av milliardbeløpet. Resten av eigarane består av lokale kommunar eller kraftlag.

Både Austrheim, Gulen, Fedje og Masfjorden er inne på eigarsida, og alle kommunane får sin bit av utbytet.

Det er estimert at Austrheim får 4.780.800 kroner basert på 0,43 prosent eigarskap. Gulen kommune, som eig 0,27 prosent, ligg an til å få 2.995.470 kroner.

Fedje og Masfjorden, som eig høvesvis 0,12 og 0,10 prosent kvar, får høvesvis 1.277.370 kroner og 1.142.910 kroner i utbyte.

Det blir tilsaman drygt 10 millionar til dei fire kommunane.

Eviny-utbytet har auka litt frå i fjor, då det vart delt ut kring 1,05 milliardar. For Austrheim sin del betyr det at dei får 250.000 kroner meir enn i fjor.