FENSFJORDEN
Publisert for 26 dagar sidan

Kan få ny tannklinikk i framtida - erstattar Lindås og Eivindvik

I forslaget til ny tannhelsestruktur blir det skissert at Austrheim kan få ny tannklinikk om 5-10 år. Den kan erstatte klinikkane på Lindås og i Eivindvik.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 27.10.2025 11:45
Austrheim kan få ny tannklinikk, men Eivindvik og Lindås kan miste sine klinikkar.
KAN FÅ NY TANNKLINIKK: Fylkesdirektøren skisserer eit framtidig tannhelsetilbod der Austrheim får ny tannklinikk. Men det vil gå på kostnad av klinikkane i Eivindvik og Lindås.

Det er fylket som har ansvaret for tannhelsetilbodet, og i sist veke sende politikarane i fylkesutvalet det nye forslaget til plan for tannhelsestruktur ut på høyring.

I fylkesdirektøren sitt forslag blir det skissert forslag til kvar tannhelseklinikkane i fylket skal ligge i framtida. I fensfjordregionen er det i dag klinikkar i Eivindvik og på Lindås, men desse kan bli erstatta av ein ny "storklinikk" i Austrheim.

Folk frå Austrheim og Fedje reiser i dag til Lindås for å nytte seg av offentleg tannhelse, men no kan altså reisevegen for desse bli kortare. I Austrheim har det ikkje vore offentleg tannhelseklinikk sidan 2014.

Men konsekvensen kan som nemnd vere at klinikken i Eivindvik forsvinn, og pasientar frå Gulen og Masfjorden kan få lengre reiseveg.

"For å kunne tilby eit framtidsretta, berekraftig og likeverdig tenestetilbod til heile befolkninga i Vestland fylke, er det nødvendig å endre dagens klinikkstruktur", står det i det nye planforslaget.

Totrinnsplan

Fylkesdirektøren sine forslag er delt opp i to trinn. Trinn 1 er endringar som skal bli utført fram til og med 2030.

Strukturen rundt Fensfjorden er i denne perioden føreslått den same som i dag.

I trinn 2 blir det derimot skissert større endringar. Samstundes legg fylkesdirektøren vekt på at evaluering av trinn 1 vil vere ein føresetnad for endringar i trinn 2.

"Etter gjennomføring av trinn 1 vil det bli gjennomført ei samla evaluering av gjennomførte endringar og vurdering av behov for ny lokasjonsanalyse før trinn 2", skriv fylkesdirektøren.

Dermed vil behova knytt til det offentlege tannhelsetilbodet gjennom ei ny vurderingsrunde før dei skisserte forslaga i trinn 2 blir iverksette.

Ny klinikk i Austrheim

Fylkesdirektøren sine forslag i trinn 2, som skal gjennomførast i perioden 2031 til 2036, er likevel som følger:

  • Etablere "ny og større" tannklinikk i Austrheim.
  • Legge ned Eivindvik tannklinikk og flytte pasientane til den nye klinikken i Austrheim.
  • Legge ned Lindås tannklinikk og flytte pasientane til den nye klinikken i Austrheim.

"Det er aktuelt å etablere ein ny og større tannklinikk i Austrheim. Tannhelsetilbodet kan knytast saman med andre tilbod, i tråd med senterstrukturen, slik som til dømes vidaregåande skule. Klinikken erstattar Lindås og Eivindvik tannklinikk, som er mindre og eldre klinikkar", skriv fylkesdirektøren.

Det blir også lagt vekt på at innbyggarane på Fedje i dag har den lengste reisetida til offentlege tannhelsetilbod av alle i fylket, og at ny klinikk i Austrheim kan korte reisetida. Det er også aktuelt å sende pasientar frå nordre del av Radøy til den nye Austrheim-klinikken. Det siste heng også saman med forslaget om å legge ned klinikken på Manger.

Utfordrande rekruttering i Eivindvik

Om klinikken i Eivindvik skriv fylkesdirektøren følgande som bakgrunn for forslaget om nedlegging til fordel for ny "storklinikk" i Austrheim:

"Pasientgrunnlaget er relativt lågt og det er forventa utfordring med rekruttering og stabilisering".

Eivindvik tannklinikk har i dag to behandlingsrom og 1,6 årsverk. Det er 485 "prioriterte pasientar per behandingsrom", som er under minimumsgrensa på 500, i følge normtala fylket opererer med. Det er likevel samanliknbare tal med mange andre distriktsklinikkar.

Utfordringrar knytt til framtidig rekruttering og bemanning er for Eivindvik-klinikken vurdert som "stor", noko som også gjeld mange klinikkar i distrikta.

Fleire større klinikkar, færre små

Fleire plassar i fylket er det derimot kapasitetsutfordringar, ikkje minst i meir sentrale strøk. Bakgrunnen for endringane fylkesdirektøren føreslår, er å sikre eit "berekraftig tenestetilbod for framtida", basert på demografiske utviklingar, kvar det er kapasitetsutfordringar og korleis ein kan skape robuste fagmiljø og minske rekrutteringsutfordringar.

Difor blir det føreslått å gjere ein "overgang frå mange små til færre og større klinikkar".

"Ei viktig endring for å oppnå meir berekraftig drift er overgangen frå mange små klinikkar til større og meir robuste einingar. Denne utviklinga følger ein nasjonal trend og har som mål å styrke fagmiljøa gjennom breiare kompetanse, tettare samordning og auka kapasitet. Slik kan tannhelsetenesta tilby meir spesialiserte og tverrfaglege tenester, samtidig som ein nyttar ressursane der behovet er størst", står det i planforslaget.

Også eit breiare og meir føreseieleg tilbod, samt skjerpa krav til kvalitet er argument som blir brukt for dei føreslåtte endringane i planforslaget.

Reisetid

Samstundes har planforslaget eit fokus på at reisetida ikkje skal bli for lang for pasientar.

"Målet er at minst 90% av innbyggarane skal kunne nå sin tannklinikk innan ein time med bil", står det i planforslaget.

Det er eit langt lågare måltal enn realitetane er i dag.

"Med dagens klinikkstruktur har 99,7 prosent av innbyggarane i Vestland under ein time reisetid frå bustaden sin til næraste tannklinikk med bil", står det i planen.

Likevel meiner fylket at dei føreslåtte endringane vil gjere at ingen i fylket får lengre reiseveg enn dei som i dag har lengst reiseveg, nemleg innbyggarar på Fedje. Deira reisetid er i dag på 71,2 minutt, ifølge fylket.

Fylkespolitikarane vedtok å sende fylkesdirektøren sitt forslag ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 2. desember.