Austrheim-politikarane positive til å oppgradere kaifronten på "verftstomta"
Fylket vil at Austrheim kommune skal ta ansvaret for å oppgradere kaifronten dersom ny vidaregåande skule skal byggast på "verftstomta". Austrheim-politikarane er positive til å ta på seg ei slik investering, som er estimert til ein kostnad på kring to millionar kroner.


Det nærmar seg avgjerd for kvar den nye vidaregåande skulen i Austrheim skal byggast. Alternativa er anten å bygge på same tomt som skulen ligg på i dag, eller bygge på den gamle slippen, omtalt av fylket som “verftstomta”, ned mot kaiområdet i Mastrevik.
Austrheim kommune ønsker den nye skulen på “verftstomta”, og håpar at ein ny skule der vil vere med å blåse nytt liv i kaiområdet.
Det er fylket som avgjer saka, og dei har førebels heldt døra open for begge alternativa, sjølv om det har blitt estimert som noko billigare å bygge nytt på dagens skuletomt.
Har gjort grunnundersøkingar
Dei siste vekene har det blitt gjort arbeid for å auke fylkespolitikarane sin kunnskap om tomtevalet.
Mellom anna har det blitt gjort grunnundersøkingar på “verftstomta”, med bakgrunn i mistanke om at det deler av tomta inneheld forureiningar.
Den endelege rapporten frå grunnundersøkinga er framleis ikkje klar, men i ei orientering til politikarane i fylkesutvalet i sist veke blir det opplyst at førebelse resultat tilseier at “nokon område har sterk forureining”, men at samla sett er “resultata betre enn forventa”.
Kommunen tar ansvar for kaifronten
Ei anna avklaring fylket har bedd om, er om Austrheim kommune er villige til å overta kaifront-delen av tomta, og ta ansvaret for å oppgradere kaifronten. Fylket vil at dette skal bli eit oppgradert kaiområde for ålmenta, noko som også er i tråd med gjeldande kommuneplan.
I formannskapsmøtet i sist veke presenterte Austrheim-ordførar Morten Sognnes eit prisestimat han har henta inn på dette arbeidet, som inneber nytt tredekke på rørkaien, muring, planering og asfaltering.
Den estimerte kostnaden for dette arbeidet er på to millionar kroner, og Austrheim-politikarane er positive til å ta denne kostnaden for å få skulen på “verftstomta”. Det vart gjort vedtak i formannskapet om å overta kaifronten, med føresetnad om at fylket gjer vedtak om å bygge på denne tomta.
I fylket sine hender
Dermed har Austrheim kommune gjort det dei har blitt bedne om å gjere i tomtevalprosessen, men fylket har fleire avklaringar dei vil gjere. Det handlar mellom anna om kva fylket må ut med for å kjøpe tomta, som i dag er eigd av Mastrevik Eigedomsselskap AS. I tillegg er det dialog knytt til at selskapet eventuelt kan kjøpe dagens skuletomt frå fylket.
Det er også ubesvarte spørsmål knytt til mellombelse areal for skulen i byggeperioden, eit spørsmål som er relevant for begge tomtealternativa, også “verftstomta” der fylket i dag leiger areal til yrkesfag.
Deretter blir det opp til fylkesadministrasjonen å tilrå eit at dei to tomtevala, og totalkostnad blir sannsynlegvis eit viktig moment. Så er det opp til politikarane å avgjere saka. Fylkesutvalet fekk opplyst at saka er tenkt til endeleg behandling i fylkestinget i juni, men skal før den tid gjennom handsaming også i opplæringsutvalet og fylkesutvalet.