VAL 2025: – Dei gode ideane veks fram lokalt
Masfjorden-ordførar Erlend Kvamsdal får kortare linje til sentrale Høgre-politikarar ved å sjølv stå på stortingslista. No håpar han på regjeringsskifte, og endå større påverknadskraft inn mot den nasjonale politikken.


– Eg har blitt utruleg positivt overraska over kort linje det er inn til nasjonale politikarar, og linja har blitt endå kortare når eg sjølv er blant kandidatane på vallista, seier Erlend Kvamsdal.
Han er ordførar i Masfjorden og står på 16. plass på vallista til Høgre i Hordaland. Det betyr at vegen inn til stortingsplass er lang, men med å vere blant kandidatane får han innpass i eigne kandidatgrupper og forum som gjer dialogen med dei andre Høgre-politikarane enklare.
På toppen av Høgre-lista i Hordaland står tidlegare statsminister Erna Solberg, følgd av Ove Trellevik, Peter Christian Frølich og Liv Kari Eskeland. Det er dei same fire som har vore Høgre sine representantar frå Hordaland dei fire siste åra.
– Det er berre for meg å ringe, så får eg kontakt, seier Erlend.
– Gode idear veks fram lokalt
At han har den gode dialogen med sentrale Høgre-politikarar, ser han på som svært viktig for sitt virke i lokalpolitikken.
– Det meste som opptar folk i Masfjorden er det ikkje kommunen sjølv som rår over, fortel han, og trekker mellom anna fram samferdsel som eit nøkkelpunkt.
Fylkesvegane og Masfjordbrua er fylket sitt ansvar, medan staten har ansvaret for europavegen som går tvers gjennom kommunen.
– For meg er partidemokratiet slik at dei gode ideane veks fram lokalt, og blir spelt inn på fylkesnivå. Deretter blir det tatt vidare til det sentrale styret og landsmøtet. Dialogen inn mot sentrale politikarar er viktig for å få gjennomslag for det vi er opptatt av i lokalsamfunna, seier han.
Og endå meir gjennomslag kan det bli dersom borgarleg side vinn valet og Høgre får regjeringsmakt.
– For meg som Høgre-ordførar vil det vere ein stor fordel.
Ønsker retningsendring
Som Høgre-politikar håpar Kvamsdal verkeleg at den borgarlege sida stikk av med valsigeren. Han meiner det er best både for heile landet, og for Nordhordland og fensfjordregionen.
– Vi er ein tung næringsregion, og det er viktig for meg at vi får på plass ei regjering som vil skape nye arbeidsplassar. Eg meiner Høgre er det beste partiet for å utvikle næringslivet vidare, og næringslivet er motoren i lokalsamfunnet.
Han meiner også at Høgre sine hordalandskandidatar er viktige med tanke på Vestlandet sin representasjon dersom høgresida får regjeringsmakta.
– Det er viktig at Vestlandet er godt representert på Stortinget, og Erna som statsminister er ein stor styrke for landsdelen. Og det er viktig for Vestlandet at vi får ein ny kurs som ikkje straffar kysten og næringslivet.
Vil ha tryggare og meir føreseieleg styring
Kvamsdal meiner ikkje Arbeidarpartiet kan stå inne for sine lovnadar om "trygg styring" av landet. Han peiker mellom anna på den økonomiske krisa som mange kommunar er råka av, og usikkerheiten som har vore rundt innføring av den mykje omtalte lakseskatten. For sistnemnde sak meiner han regjeringa si prosess var uryddig.