– Det er kjekt å kunne bidra til at alle deltakarane får ei trygg og god oppleving
Vaktleiar Kim Espen Karlsen fortel om ein alt i alt roleg Utkant-helg for Røde Kors sitt mannskap.


Med fleire tusen menneske samla på eit lite festivalområde i havgapet ved Skjerjehamn, er god beredskap uvurderleg. Særleg også for Utkantfestivalen som er som er såpass tett på sjøkanten.
Under heile festivalveka er både vektarar og naudetatane godt synlege, og ikkje minst Røde Kors, som står klare til å hjelpe dersom uhellet er ute for nokon av festivaldeltakarane.
I det festivalen gjekk inn i sine siste timar laurdag kveld møtte Fensfjorden vaktleiar for Røde Kors-delegasjonen, Kim Espen Karlsen. Han kunne melde at det har vore relativt roleg for deira frivillige.
– Vi har vore godt bemanna, og det har vore generelt lite alvorlege skadar. Folk kosar seg, og vi har hatt det bra, oppsummerer han.
I bakgrunnen er Casiokids midtvegs i konserten sin. Medan resten av mannskapet anten er ute på festivalområdet eller samla nede i Røde Kors-teltet, sit vaktleiaren i lag med dei andre naudetatleiarane. Karlsen forklarar at Røde Kors har eit godt samarbeid med både festivalleiinga og dei andre organisasjonane som bidrar til tryggleiken på arrangementet.
Røde Kors er eit vanleg syn når det er Utkant, og dei førebur seg alltid godt til festivalen.
– Vi tar alltid med oss erfaringar frå dei vaktane me har gjennomført tidlegare, og det er produktet me leverer i år eit resultat av. Det vi ser no er at vi er godt dekt i forhold til dei hendingane som har oppstått så langt, fortel Karlsen.
I tillegg er festivalen er eit stort årleg arrangement som mange av dei Røde Kors-frivillige trivst med å vere til stades på.
– Det er ein "happening" som det er kjekt å vere med på. Her er folk i godt humør, og det er kjekt å kunne bidra til at alle deltakarane får ei trygg og god oppleving, avsluttar vaktleiaren.
