– Det er ungdomane som gjer at dette går an å få til
Etter ei veke med dårleg vêr fekk Havglede på Austrheim ei positiv avslutning då det vart arrangert fiskekonkurranse ved Mastrevik kai, eit arrangement som let seg gjere på grunn av samspelet mellom kommunen og lokale ungdomar.


– Det er ungdomane som gjer at dette går an å få til, seier ungdomskoordinator i Austrheim kommune, Ingrid Bø Marøy.
Det er ungdomskoordinatoren og dei frivillige ungdomane i kommunen som står bak Havglede, eit familievenleg arrangement med aktivitetar i og ved sjøen. I sist veke var planen å ha familiedagar ved Mastrevik kai heile veka, samt andre arrangement som snorkling i Øksneset. Dessverre vart mesteparten avlyst på grunn av dårleg vêr.
Mykje av programmet vart erstatta med opne dagar i Austrheimhallen, men på søndag, siste dag i Havglede-veka, vart det endeleg roleg og fint nok vêr til at ein kunne samlast på Mastrevik kai. Dermed var alt duka for fiskekonkurranse, bading og anna sjømoro.
– Det er veldig fint for oss å i alle fall ha fått nokre dagar ved sjøen, seier ungdomskoordinatoren.

Frivillige ungdomar
Med 17 påmelde fiskelag, ei stor auke frå i fjor, krevst det litt å gjennomføre eit slikt arrangement. Ungdomskoordinatoren styrte skuta, og frivillig hjelp frå Odd Martin Austrheim sikra solid fiskekompetanse til gjennomføring av konkurransen. Resten av arbeidet stod lokale ungdomar for.
Slik har det blitt skapt aktivitet i Austrheim i mange år. Miljøet rundt ungdomskoordinatoren og ungdomens hus gjer at mange ungdomar har lyst til å bidra.
To av dei er Henrik Thorsen og Sander Bruaas. Dei skal begynne på vidaregåande denne hausten, og har begge vore med sidan dei begynte på ungdomsskulen.
– Vi har vore med på ungdomsklubben som regel kvar gong, og får vi spørsmål om å hjelpe med noko så seier vi ja viss vi har tid, fortel Sander, som også er aktiv i det lokale ungdomsrådet.
Denne veka har dei vore med og rigga i stand til open hall, og elles bidrar dei med mykje hjelp og arbeid gjennom heile året. Det inneber blant anna å lage til ulike arrangement, og bidra med rydding eller andre større og mindre oppgåver.
– Eg har blant anna hatt nokre timar med rydding inne i kaihuset, og pumpa luft i hinderløypa som ligg i vatnet, fortel Henrik.
Ungdomane liker å bidra til å skape aktivitet, i tillegg til at det er sosialt å vere i lag med andre ungdomar.
– Det er eit godt miljø, og vi har det kjekt i lag, seier Sander.
Godt opplegg gjennom fleire år
Ingrid Bø Marøy har starta sitt fjerde år som ungdomskoordinator etter at ho tok over for Anita Soltveit som hadde jobben dei 13 føregåande åra. Ingrid fortel at ho kom inn i eit godt etablert system med ungdomar som ønskte å engasjere seg.






