VAL 2025: – Det er veldig kjekt å ha lokallag som faktisk har ein påverknad
Når stortings- eller fylkesrepresentantane til Raudt treng informasjon om saker i Nordhordland, er vegen til dei lokale politikarane kort.


– Det er viktig at vi har lyttepostar i heile landet, seier stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug.
Ho er også 1. kandidat for Raudt i Hordaland, og kan med all sannsynlegheit vente seg fire nye år på Stortinget. Dei gode meiningsmålingane til Raudt gjer at dei faktisk er på vippen til å få to stortingsrepresentantar frå Hordaland.
Litt lenger ned på lista, på 8. plass, er Ingeborg Lohne Hordvik. Ho sit i kommunestyret for samlingslista i Austrheim, og har vore ein viktig brikke for å få eit Raudt-lokallag oppe å gå.
Både gjennom valkampen og mellom valåra, jobbar ho tett med dei andre Raudt-politikarane i fylket, inkludert stortingskandidat Marhaug og fylkespolitikar Jeanette Syversen.
Den siste tida har blant anna Marhaug vore med på stand på Mastrevik Torg, medan Syversen har vore med på besøk til Austrheim vidaregåande skule, ein skule mellom anna Raudt har jobba hardt for å behalda tilboda på.
Berre ein telefon unna
Fensfjorden har tatt ein prat med både Lohne Hordvik og Marhaug. Frå begge sider blir det sett stor pris på at dialogen mellom sentrale og lokale politikarar er tett. Lohne Hordvik fortel at dei sentrale politikarane har låg terskel for å ringe ut dersom det er saker frå nærområdet som skal diskuterast anten på fylket eller i Oslo.
Og saker er det nok å ta av. Eit eksempel er kjernekraft, der Austrheim er ein veldig relevant kommune. Då har dei lokale politikarane i Nordhordland blitt involverte når den nasjonale politikken skal utarbeidast. Marhaug fortel om engasjerte lokalpolitikarar både i Austrheim og Alver.
– Vi kan sitte på informasjon om Austrheim og Nordhordland som kan vere nyttig å få inn til Oslo, seier Lohne Hordvik.
– Mykje av denne dialogen skjer utanom vala. Det er då politikkutviklinga ofte skjer, fortset Marhaug.
Eit anna eksempel på sak er Austrheim vidaregåande skule, som i løpet av det siste året har vore truga av kutt i linjer. Den vidaregåande skulen er det fylket som sit med makta over.
– Vi kan løyse mykje lokalt, men ikkje alt. Når det gjeld skulen, var det eit samla kommunestyre som jobba inn mot sine fylkespolitikarar. Dei kontaktane ein har trur eg er ganske uvurderlege når vi skal avgjere noko som ikkje kan avgjerast i kommunestyret, seier Lohne Hordvik.
Skulen vart redda frå kutt, og lever framleis i beste velgåande.
– Det er veldig kjekt å ha lokallag som faktisk har ein påverknad, seier ho vidare.
Viktige saker
Raudt-politikarane håpar sjølvsagt på eit godt val, og dei har mange saker og tema dei meiner bør løysast betre enn i dag. Energi-, klima- og naturpolitikk blir raskt eit tema.
– Det er mykje innanfor energi og miljø som føregår i Nordhordland, særleg dei nye kraftlinjene som Raudt er negative til. Vi meiner at vi bør bruke kraften på andre ting enn å grønvaske norsk olje og gass. Det gjer berre at utsleppa blir flytta. Dei kuttast på vårt nasjonale rekneskap, men ikkje på den globale rekneskapen, og på vegen vil ein øydelegge mykje natur, seier Marhaug.
Det er eit av bodskapa partiet har prøvd å få ut til folk i løpet av valkampen.
– Vi har i alle fall prøvd, og så får vi sjå om det når fram og om folk er einige, eller om det er andre ting som er viktigare. Det er vanskeleg å vite på førehand, fortel 1. kandidaten.
Men natur og klima er ikkje det einaste på agendaen. Mange kommunar, inkludert Austrheim, slit med økonomien. Det vil Raudt gjere noko med.
– Der trur eg Raudt har den beste politikken. Får vi ein borgarleg regjering ser det ikkje så lyst ut. Då skal det kuttast i skatten til dei rikaste, medan vi ønsker å auke støtten til dei som har minst, noko som kanskje gjev mindre press på kommuneøkonomien, seier Lohne Hordvik.
Marhaug er einig, og ho fryktar dårleg kommuneøkonomi går utover dei kommunale tenestene, ikkje minst i distrikta.
– Raudt er det partiet som har brukt mest i vårt alternative budsjett på å auke tilbakeføringar til kommunar og fylkeskommunar. Vi må styrke grunnfinansieringa slik at vi kan ha nok tilsette på jobb, og sikre at dei heilt grunnleggande tenestene er gode nok.
Marhaug er bekymra for at pengar til sjukeheimar og omsorgsbustadar blir sett opp mot skular og barnehagar.
– Vi kan ikkje gå heilt med på den kuttpolitikken. Vi må bruke noko av den enorme rikdomen staten har på å ha gode nok tenester i kommunane. Høgresida truar ofte med at venstresida vil bruke meir på offentleg sektor, men sannheita er at vi treng å bruke ein del av både arbeidskraften og pengane våre på velferden vår, blant anna fordi det blir fleire eldre, men og fordi vi skal ha gode nok tenester anten det er barnevern eller politi til å løyse dei utfordringane vi står overfor. Då må vi kanskje tillate at det blir litt fleire hender i det offentlege, og litt mindre privat velstand og rikdom hos nokre få, seier Marhaug.
Det stiller Lohne Hordvik seg bak, og viser mellom anna til diskusjonane den siste veka etter at kommunedirektøren i Alver lufta tanken om å samle eldreomsorgen i heile Nordhordland i felles regionsjukeheimar.
Det er ikkje ei tanke ho er særleg positiv til.
– Eg har planar om å dø på Austrheim når eg blir gamal. Eg vil ikkje sitte på ein sjukeheim i Knarvik. Vi vil ha tenester der folk bur, så langt det lar seg gjere. Vi ønsker sterke lokalsamfunn, og då må det kome meir pengar inn til tenestene, avsluttar ho.