FENSFJORDEN
Publisert for 2 dager siden|Nyheiter

VAL 2025: – Det har vore ein bratt læringskurve, og mykje ansvar på kort tid

Kamilla Bjerkholt Karlsen sitt politiske liv startet då ho for ti år sidan kjempa for leikeplass på Fedje. No snuser ho på stortingsplass for Arbeidarpartiet.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 05.09.2025 10:00
Kamilla Bjerkholt Karlsen
ENGASJERT LOKALPOLITIKAR: Som 7. kandidat på Ap si valliste i Hordaland, kan Kamilla Bjerkholt Karlsen plutseleg ende opp som første namn på varalista dersom Ap gjer eit godt val og framleis sit med regjeringsmakta.

Valdagen nærmar seg med stormskritt, og ein av dei som er svært spent på resultatet er Kamilla Bjerkholt Karlsen. Det er ingen i fensfjordkommunane, og neppe i heile Nordhordland, som er nærare ein stortingsplass enn Kamilla, basert på dei siste meiningsmålingane.

Fedjepolitikaren er nummer sju på Arbeidarpartiet si hordalandsliste. Partiet har i dag fire representantar frå Hordaland på Stortinget, men på meiningsmålingane ser det ut som dei kan få ein ekstra dei neste fire åra. I tillegg står kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery på Hordaland-lista. Dersom Ap får fem mandat frå Hordaland, og Jaffery får ein ny statsrådspost, står Kamilla att som første namn på varalista.

– Det er best mogleg resultat, seier Kamilla.

Starta med lokalt engasjement

På mindre enn ti år har Kamilla gått frå å ikkje vere politisk engasjert, til å stå på dørstokken til ein stortingsplass for eit av landets største parti.

Det heile starta i 2016, etter at det året før var babyboom på Fedje.

– Vi var sju stykk som hadde mammapermisjon samstundes. Fleire av oss ønskte å engasjere oss i lokalsamfunnet, og vi manglet et sted å vere. Det var ingen offentlege leikeplassar her på Fedje, utanom på skulen og barnehagen, og dei var opptatte på dagtid, fortel Kamilla.

Då tok dei kontakt med nokre lokalpolitikarar, og eit par månadar seinare fekk dei rusta opp ein gammal leikeplass som låg brakk.

To av mødrene bestemte seg for å ta det lokale engasjementet eit steg vidare og melde seg inn i eit politisk parti. Av dei fem lokallaga som eksisterte på Fedje på den tida, vart Arbeidarpartiet det naturlege valet.

Deretter gjekk det steg for steg for Kamilla. Ho vart lokallagsleiar i 2017 og ordførarkandidat i 2019.

– Det har vore ei bratt læringskurve, frå å ikkje vere politisk engasjert i det heile tatt, til å få mykje ansvar på kort tid, seier ho.

Har god støtte

Kamilla går inn i rekken med mange gode eksempel på kor mykje påverknad og ansvar ein kan få i eit mindre lokalsamfunn dersom ein er interessert i å engasjere seg. Kamilla si reise viser også korleis den politiske stemma til lokale representantar kan nå langt utanfor kommunegrensene.

For Kamilla har det vore avgjerande at ho har tatt ansvar, og at ho har hatt god støtte i ryggen frå partikollegaene.

– Då eg vart førstekandidat i 2019 hadde eg mange i partiet som støttet meg. Sjølv om eg kanskje er ansiktet utad, er det ein heil gjeng som heiar og hjelper, og når eg har den støtten føler eg også at eg kan gjere den jobben eg gjer.

Ho fortel også om god støtte og godt samarbeid mellom lokallaga i Nordhordland. Dei kjempar samla for å gjere nordhordlandsregionen meir synleg.

– Vi har jobba veldig strategisk inn mot eit samarbeid mellom alle kommunane i Nordhordland. Då samlast vi om kandidatane, og ein føler at ein har eit heilt lag i ryggen.

For lokalpolitikarane ønsker å fremme Nordhordland som region.

– Det handlar om å gjere oss synlege, og vise kva vi har her i Nordhordland. Det er mange som ser til Sunnhordland eller Odda som industridelen av fylket, men Nordhordland har Mongstad, enormt med industriarbeidsplassar og ikkje minst fantastiske vidaregåande skular som gjer at vi kan rekruttere til industrien, fortel ho.

Frå lokal- til nasjonal politikk

Gjennom dei siste ti åra har Ap hatt god vekst på Fedje, frå 24 prosent oppslutnad ved kommunestyrevalet i 2015, til 41,8 prosent for to år sidan, riktignok hjelpt av at Ap har blitt det einaste alternativet på Fedje utanom Høgre og Frp.

Det gode resultatet i 2023 var likevel ikkje nok til å danke ut dei to samarbeidande borgarlege partia, og Kamilla har i dag rolla som opposisjonsleiar i kommunestyret og formannskapet.

Samstundes engasjerer ho seg stadig meir i nasjonal politikk, noko som blir ekstra viktig når dersom ho plutseleg må steppe inn som vara på Stortinget.

Dersom ho blir 1. vara, står Kamilla først i rekka til å steppe inn dersom ein av dei faste representantane til dømes skal ha permisjon. Då blir ho plassert inn i det departementet som har den ledige plassen.

– Difor må ein kunne litt om alt, så det er viktig å halde seg oppdatert på ulike tema og saker, seier ho.

Ein del av innsatsen ho har lagt ned i løpet av valkampen handlar om å lære seg meir om dei sakene ho ikkje har jobba mest med som lokalpolitikar på Fedje. Mellom anna har ho vore med på ein debatt om kvinnehelse i Bergen.

– Det er eit eksempel på eit tema eg ønsker å lære meir om, og det er eit tema som ikkje dukkar veldig mykje opp i lokalpolitikken.

God dialog med stortingsrepresentantane

Dei siste åra, og ikkje minst i tida som 7. kandidat på vallista, har Kamilla knytta tette band med Ap-politikarane som representerer Hordaland på Stortinget. Ho fortel også om god dialog med dei andre toppkandidatane på årets liste, der berre tre av dei seks framfor ho har erfaring frå Stortinget tidlegare.

– Som potensiell 1. vara blir det blir min jobb å involvere meg sjølv. og eg har fantastisk god dialog med dei seks kandidatane over meg. For meg er det låg terskel å ta kontakt med dei, fortel ho.

For det å ha god dialog med politikarane som sit med makta sentralt, kan bety mykje både for den nasjonale og lokale politikken.

– Når vi har regjeringa, er det utruleg viktig for oss lokalt å snakke med dei på Stortinget om sakene som er viktige for oss.

For Fedje handlar det mykje om ubåten, utviding av verneområdet på øya og utfordringar med ferjesambandet. For resten av regionen er samferdsel og næringslivspolitikk blant sentrale tema.

Difor håpar Kamilla verkeleg at Arbeidarpartiet blir sittande med regjeringsmakta etter valet. Ho meiner det er det beste for regionen.

– Eg er livredd for at det grøne skiftet ikkje blir prioritert viss vi får ein ny regjering. Kva skjer med arbeidsplassane på Mongstad då? Kva skjer når dei ikkje får statleg støtte til omstilling? Kva skjer når Equinor trekker seg ut? Det er store konsekvensar for Nordhordland som gjer at eg blir endå meir motivert til å gjere ein god jobb, seier ho.

– Når Frp seier at det grøne skiftet vil skje av seg sjølv, blir eg oppriktig redd, fortset Kamilla.

Fekk tid etter at ho flytta til Fedje

Kamilla har budd på Fedje i 12-13 år, og har rokke å bli svært glad i det lille øysamfunnet på den tida. I tillegg gjorde flyttinga ut av storbyen og til ein liten plass, at ho har fått meir tid til å for eksempel jobbe med politikk.

– Ein har meir tid når ein bur på Fedje. Då eg flytta hit, fekk eg tre timar meir med barna mine kvar dag. Berre det gjorde mykje med meg som menneske.

Å engasjere seg i politikken handlar også om å gje tilbake til samfunnet, og Arbeidarpartiet er midt i blinken for Kamilla.

På den tida jobba ho som lærar, men har i dag jobb som mannskapskoordinator i Buksér og Berging, ein jobb som gjer ho endå meir fleksibel med tanke på å få tid til det politiske arbeidet.

– Arbeidarpartiet er viktig parti for meg med tanke på at dei med lågare lønningar betalar mindre skatt enn dei med dei høgste lønningane i landet. Også abortdebatten, der vi har gått opp til 18 veker og heller bygd eit støttesystem rundt dei som tar abort, som tidlegare har vore heilt fråverande, er noko eg har vore opptatt av. Det er mange ting eg brenn for, avsluttar ho.