Eit steg nærare ny Risnes bru
Forslaget til reguleringsplan for ny Risnes bru i Masfjorden er klar. Rådmannen er nøgd med fylket sitt planforslag, som mellom anna inneber kommunen sitt føretrekte traséval.


Formannskapet i Masfjorden skal i neste veke ta stilling til om dei vil legge det ferske reguleringsplanforslaget for ny Risnes bru ut på høyring. Vestland fylke har nyleg sendt over forslaget til kommunen, og Rådmannen si vurdering av planforslaget er positiv.
– Rådmannen har vurdert framlegg til reguleringsplan for Fylkesveg 570 Risnes bru med tilhøyrande løysingar knytt til både arealbruk og framtidig trafikkløysingar, samt faglege utgreiingar, og meiner at det er ein tungt fagleg og gjennomtenkt plan som no er sendt over til kommunen til handsaming, skriv Rådmannen i saksutgreiinga til politikarane.
Arbeidet med planforslaget har pågått sidan 2024, då det vart gjeve grønt lys til å starte opp reguleringsplanarbeidet som etter planen skal ende i flunkande ny bru. Dagens bru er i dårleg stand og smal, og ei ny bru har som hensikt å betre framkome og tryggleik for alle typar trafikantar.
Sørleg traséval
Noko av det Rådmannen kommenterer som positivt i planforslaget, er at kommunen får oppfylt ønsket sitt om at den nye brua skal byggast like sør for den eksisterande brua. Det andre traséalternativet som har blitt vurdert er å bygge den nye brua akkurat der dagens bru ligg.
Ein av fordelane med dette er at ein kan halde dagens bru open gjennom byggeperioden. I motsett fall ville vegen blitt stengt over lang tid, noko som vil gje konsekvensar for både innbyggarar og næringsliv.
– Fylkeskommunen har høyrt på kommunestyret ved å gå for alternativet med ny bru sør for eksisterande bru, og det som gjeld å flytte krysset mot Sleirevegen, slik at trafikken til/frå Sleirevegen ikkje lenger skal gå under brua, men direkte i eit T-kryss lenger vest. Dette er eit framlegg som tidlegare vart vedteke å ta med i trafikksikringsplanen til kommunen, og som no kan bli ein realitet, skriv Rådmannen.
Nokre ulemper er det samstundes med den sørlege løysinga, mellom anna knytt til at den nye traséen vil “vesentleg råka” eit nærliggande gardstun.
Vurderer aluminium
Den nye brua blir drygt 100 meter lang, men prosjektet inneber også opprusting av veg og kryss på begge sider av brua. I alt er det 700 meter med fylkesveg som skal oppgraderast. Den nye vegbreidda blir 7,5 meter med gul midtstripe.
På vestsida skal det etablerast nytt kryss mot Sleirsvegen, og nye busslommer på begge sidene av vegen. Aust for brua skal det som i dag er to mindre avkøyringer sørover, etablerast som éi avkøyring.
Det har vore diskusjonar om kva materiale brua skal byggast i, med tidlegare politiske ønske om aluminium. Dette er brukt som utgangspunkt i reguleringsplanforslaget, men det er også opna for andre løysingar.
– Føreslått bruløysing er ei overliggande nettverksbuebru i aluminium. Reguleringsplanen legg likevel ikkje opp til å låse brutype eller materialval, slik at det framleis er mogleg å velje ein av dei to andre brutypane som er vurderte og prioriterte i konklusjonen i forprosjektet for ny Risnes bru, står det i planomtalen.
Dei to andre alternativa er ei buebru i betong eller ei bjelkebru med samverke mellom stål og betong.
