FENSFJORDEN
Publisert for 14 dagar sidan|Nyheiter

Etterlyser fylkesvegsatsing i statsbudsjettet

Regjeringa vil sette av 100 milliardar kroner til samferdsel i 2026. Berre ein liten brøkdel av dette er retta mot fylkesvegane. Fylka må takle vedlikehaldsetterslepet gjennom rammetilskota, som neste år blir lagt opp til å ha ein realvekst på 1 milliard. Etterslepet på fylkesvegane i Vestland tilsvarar 20 milliardar.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 07.11.2025 13:30
SAKNAR REGJERINGSSATSING PÅ FYLKESVEGAR: Fylket sine innpel til statsbudsjettet, gjeve av fylkesordførar Jon Askeland, er tydelege på at tilskota fra staten må aukast viss fylket skal handtere det store etterslepet på fylkesvegnettet. (Foto: Peter Tubaas/Vestland Media/Vestland fylkeskommune)
SAKNAR REGJERINGSSATSING PÅ FYLKESVEGAR: Fylket sine innpel til statsbudsjettet, gjeve av fylkesordførar Jon Askeland, er tydelege på at tilskota fra staten må aukast viss fylket skal handtere det store etterslepet på fylkesvegnettet. (Foto: Peter Tubaas/Vestland Media/Vestland fylkeskommune)
SAKNAR REGJERINGSSATSING PÅ FYLKESVEGAR: Fylket sine innpel til statsbudsjettet, gjeve av fylkesordførar Jon Askeland, er tydelege på at tilskota fra staten må aukast viss fylket skal handtere det store etterslepet på fylkesvegnettet. (Foto: Peter Tubaas/Vestland Media/Vestland fylkeskommune)

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett har skapt mykje diskusjonar. No har også Vestland fylke sagt sitt om forslaget, gjennom to høyringsinnspel.

Høyringsinnspela har ikkje blitt politisk behandla, men er utarbeidd av fylkesordførar Jon Askeland. Politikarane har tidlegare gjeve fylkesordføraren fullmakt til å utarbeide høyringsinnspel i situasjonar med "svært knapp frist".

50 milliardar til riksvegar

Eit sentralt tema i innspela frå fylkesordføraren, er drift og vedlikehald av fylkesvegane.

Det er fylka som driftar fylkesvegane, og dei må sjølv prioritere kor mykje av rammetilskota frå staten dei vil bruke på fylkesvegnettet.

I statsbudsjettforslaget blir det ikkje sett av meir midlar i 2026 spesifikt til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet, men regjeringa viser til 500 millionar kroner som vart sett av i 2025-budsjettet. Dette blir vidareført neste år, men som ein del av 1 milliard i realvekst i frie inntekter til fylkeskommunane. At det blir gjeve som frie inntekter, betyr at fylkeskommune sjølv vel om dei vil prioritere fylkesvegar eller andre fylkeskommunale tenester.

Men regjeringa føreslår å sette av 100 milliardar kroner til "samferdsel" i 2026. Halvparten av desse midlane er retta mot "vegføremål", som inneber drift, vedlikehald og investeringar, men berre på riksvegsnettet.

I tillegg vil regjeringa sette av 35 milliardar til jernbane, 7 milliardar til transporttiltak i byområde og 5 milliardar til luftfart.

Av dei 100 milliardane blir det også sett av 100 millionar til opprusting av 14 utpeikte fylkesvegbruer som er viktige for militær mobilitet. Det er dei einaste pengane i samferdselspotten som er retta spesifikt mot fylkesvegar.

Vil ha meir til fylkesveg

Askeland meiner at fylket ikkje får nok midlar til å løyse utfordringane, og meiner måten fylkesvegpengane i statsbudsjettet for 2026 er fordelt på, samanlikna med 2025, slår dårleg ut for Vestland. Ekstraløyvingane i 2025 blir no vidareført som ein del av rammetilskotet til fylka, noko som betyr ei anna fordeling av vegmidlane.

Fylkesordføraren viser til at Vestland tapar 28,5 millionar kroner på måten pengane blir fordelt på neste år.

"Noko som er urimeleg gitt våre utfordringar med betydeleg kostnadsauke og etterslep innan både kollektivtrafikk og vegvedlikehald", skriv fylkesordføraren i innspelet.

Han etterlyser difor ei liknande satsing på fylkesvegane, som regjeringa si satsing på riksvegar og jernbane i 2026.

Etterslep på 20 milliardar

Stoda på fylkesvegnettet i Vestland er dårleg. Fylkesordføraren skriv sjølv at vedlikehaldsetterslepet er på kring 20 milliardar kroner.

Det er med andre ord den summen som skal til for å utbetre alle fylkesvegane til "opphaveleg standard". Skal vegane også få betre standard, vil det koste endå meir.

I dag har:

  • berre 18 prosent av fylkesvegnettet i Vestland gul midtstripe.
  • kring 25 prosent av fylkesvegnettet "eit kritisk forsterkningsbehov".
  • fylket 42 tunellar som ikkje er oppgraderte i tråd med tryggleiksforskrifta for fylkesvegtunellar
  • fylket "nesten halvparten av alle skredpunkt i kategori høg og middels i landet", altså store behov for rassikring.

Fylkesordføraren peiker også på "kritisk vedlikehalds- og oppgraderingsbehov" på bruer og kaier.

"For perioden 2024-2026 har Vestland fylkeskommune sjølv sett av 500 millionar kroner frå oppsparte fondsmidlar til ekstra vedlikehald av fylkesvegane. Når desse midlane er brukt opp, har ein ikkje evne til å vidareføre denne satsinga", skriv Askeland i innspelet.

Vil også ha pengar til kollektivsatsing

Også kollektivtransport er eit viktig tema i innspela frå fylkesordføraren.

"Kostnadsveksten i kollektivtransporten har dei siste åra vore vesentleg høgare enn veksten i fylkeskommunen sine frie inntekter", skriv han.

"Fylkesordføraren viser i denne samanhengen til at KS over lengre tid har peika på den kraftige kostnadsveksten i kollektivtrafikken, og kan som KS ikkje sjå at regjeringa nemner den krevjande økonomiske krisa som kollektivtrafikken står i", står det vidare i innspelet.

Fylkesordføraren viser til at Vestland har hatt stor satsing på omstilling til miljøvenleg kollektivtransport, særleg innføring av elektriske ferjer og bussar.

"Kostnaden med miljøsatsingane har vore høg utan at den statlege medverknaden har vore særleg merkbar. Sidan 2022 har Vestland fylkeskommune sjølv styrkt kollektivdrifta med rundt 500 millionar kroner gjennom omprioriteringar innanfor eige budsjett", skriv Askeland.

Han påpeiker også at "løyvinga til statleg riksvegferjedrift er auka med 18 % i statsbudsjettet for 2026".

Løysinga til fylkesordføraren, og oppmodinga til regjeringa, er dermed å auke rammetilskota til fylkeskommunane.