Får tilskot til å gjere uoversiktleg busstopp tryggare for skuleborn
Austrheim kommune planlegg å etablere fartshumpar ved busstoppa ved Skotneset/Kvalvågen. Halvparten av finansieringa kjem frå statleg tilskot.


Før jul vedtok Stortinget å sette av drygt 40 millionar kroner til ein tilskotsordning retta mot trafikktrygging av skulevegar og nærmiljø. Ein liten del av denne potten hamnar i Austrheim kommune.
Alle kommunar kunne søke om slike midlar, og Statens Vegvesen står for tildelinga.
Austrheim får tildelt 200.000 kroner frå ordninga. Desse skal nyttast til å gjere området kring busstoppa ved Skotneset/Kvalvågen tryggare, særleg for skuleborn.
Eit av vilkåra for å få tilskot er at kommunen sjølv må stille med minst 50 prosent av finansieringskostnadane. Det betyr at kommunen sjølv også går inn med 200.000 kroner, så framt formannskapet seier ja når politikarane skal møtast i neste veke. Totalkostnaden for vegtiltaket blir dermed 400.000 kroner.
Tiltaket som skal gjerast for å gjere vegområdet tryggare er å etablere to fartshumpar. Busstoppa ligg tett på ein uoversiktleg sving, og kommunen ønsker å redusere farten på forbipasserande bilar.
“Området er vurdert som trafikkfarleg, særleg for skuleborn som må krysse fylkesvegen i eit uoversiktleg punkt”, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga til politikarane.
At kommunen sjølv må ut med 200.000 kroner, gjer at det blir ei prioriteringssak for politikarane. 1/3 av kommunen sin eigenandel er føreslått henta frå kommunen sitt trafikktryggleiksfond, medan resten blir omdisponert frå midlane som i år er sett av til asfaltering av kommunale vegar.
Sjølv om det betyr litt mindre til asfaltering, vurderer kommunedirektøren at omdisponeringa er verd det sidan det utløyser 200.000 kroner i statleg tilskot.
“Sjølv om dette vil redusere ramma til asfaltering noko, vurderer administrasjonen at gevinsten i form av betre trafikksikkerheit for born veg tyngre”, skriv kommunedirektøren.
Samstundes vert det poengtert at ei slik omdisponering av asfalteringsmidlar kan skje “utan at det i vesentleg grad påverkar gjennomføringa av dei planlagde asfalteringstiltaka”.
Det vert også vist til at trafikktryggleikstiltak ved dei utsette busstoppa har vore ønskt frå eit lokalt grendelag, og at det har vore dialog med kommunen om moglege tiltak.
“Lokalt grendelag og kommunen har over tid hatt dialog om trafikktryggleiken i området, og det har vore fleire møte mellom administrasjonen og grendelaget om mogelege tiltak. Tiltaket som no er finansiert gjennom tilskotsordninga er eit resultat av dette samarbeidet”, skriv kommunedirektøren.