Fedje i TV-ruta
Hellisøy fyr på Fedje er base for Bård Tufte Johansen og Lars Lenth sitt nye NRK-program "Jakten på monstermakrellen".


Fredag morgon vart dei tre første episodane av NRK-programmet "Jakten på monstermakrellen" publisert på NRK TV. Serien handlar om fiskeduoen Bård Tufte Johansen og Lars Lenth, som for 20-25 år sidan hadde stor suksess på NRK med serien "På fisketur med Bård og Lars".
For to år sidan fekk dei ny suksess med "Jakten på monsterkveita", der dei reiste til Sørøya i Finmark for å prøve å fiske ei kveite på 100 kilo. Serien samla over éin million sjåarar per episode.
No er oppfølgarserien klar, og turen går til sjølvaste Fedje. Med base på Hellisøy fyr skal dei to TV-personlegheitane jakte makrellstørje, ein fisk som dei siste åra har dukka opp att langs norskekysten etter å ha vore vekke i 50 år.
Allereie i løpet av dei tre første episodane dukkar det opp mykje flotte bilete frå Fedje, og kjente ansikt som Tore Gismervik og Karsten Madsen.
Dei siste fire episodane kjem på nett i løpet av dei neste to vekene. På linjær-tv kjem dei to første episodane fredag kveld. Deretter går dei vekentleg frå og med fredag 29. august.