Fengande vitskap på timeplanen i Gulen
VilVite og Gulen kommune samarbeidar om å gjere vitskap ekstra spennande og engasjerande for skuleelevar. Sist veke var VilVite på Gulen-turné.


Mange kjenner kanskje VilVite best frå Bergen Vitensenter, men dei reiser også mykje ut i kommunane rundt Bergen, ikkje minst i kommunane dei har samarbeidsavtalar med.
Det har dei blant anna med Gulen, og i løpet av førre veke var VilVite-gjengen innom alle fire skulane i kommunen.
Fredag var Fensfjorden på plass då turen gjekk til Dalsøyra skule.
– Vi er svært glade for at VilVite kjem til Gulen og gjev elevane våre moglegheit til å oppleve realfag på ein spanande og engasjerande måte. Vi håpar dette kan inspirere både elevar, lærarar og foreldre, seier Halvor Elde, kommunalsjef for oppvekst og kultur i kommunen.
Starta dagen med show
Dagen med VilVite på Dalsøyra var delt opp i ulike aktivitetar. Dagen starta med eit heftig show i gymsalen, med både flammar, eksplosjonar og og tåkelegging. Alt i trygg skala, anført av Petter Soltvedt, som ikkje hadde problem med å halde på merksemda til både dei yngste og eldste elevane.

– Mange av eksperimenta er klassikarar. Ting som dei gjer på vitensentre rundt om i heile verda, seier Soltvedt.
Han har vore med på alle dei fire skulane.
– Korleis har responsen vore?
– Den har vore god på alle skulane, særleg på dette opplegget her. Dette er jo berre gøy, svarar han.

Hensikta med VilVite-turnéen er at elevane skal oppleve at vitskap og realfag er spennande, og at dei skal lære noko nytt.
– Eg trur alle har kost seg, og dei fleste har lært noko dei ikkje kunne frå før av. Det handlar om å gje elevane ei god oppleving.
Soltvedt avslutta showet sitt med den aller største effekten, nemleg å lage ei enorm tåkesky ved hjelp av flytande nitrogen og ein vasskokar. Det var liten tvil om det var ein populær avslutning.
– Tåken er alltid bra, og no heldt eg litt att på kor stor den vart, seier Soltvedt.

Alderstilpassa aktivitetar
Medan Soltvedt starta dagen med eit smell, gjorde dei andre VilVite-besøkande klart for ei utstilling med ulike oppgåver og hjernetrim av vitskapleg karakter, som dei ulike klassane i løpet av dagen skulle få vere innom. Samstundes hadde dei eige opplegg ute i klasseromma, tilpassa for kvar aldersgruppe.

Første- og andreklasse hadde eit programmeringsopplegg med robotbier, som er spesiallaga for barn i aldersgruppa.
Tredje- og fjerdeklasse sitt opplegg handla om å sette saman og gjere målingar av skjelett.
Femte- til sjuandetrinn hadde også eit programmeringsopplegg, medan dei eldste elevane hadde eit "kreativt klimaverkstad".
– Veka har gått veldig bra, og vi har blitt tatt supergodt imot. Det er gode barn og ungdomar her ute som er interesserte og veldig gode til å utforske, fortel Anne Mæland.
Ho er ansvarleg for VilVitePåHjul, som er namnet på VilVite-opplegget som tok turen til Gulen.
– Gulen er blitt ein VilVite-kommune, så difor tar vi ei Gulen-veke, fortel ho.

I tillegg til dei fire skulebesøka, vart veka avslutta med eit ope familieshow på laurdagen, også det på Dalsøyra. Dette vart finansiert av Gulen sitt ungdomsråd.
Gulen er den einaste av fensfjordkommunane som har denne type samarbeidsavtale med VilVite, og VilVite ønsker gjerne at andre kommunar kjem til.
Det seier administrerande direktør i VilVite, Lars Leegaard Marøy.
– Gulen har vist seg som ein føregangskommune, og var først ute blant kommunane i Nordhordland til å inngå ein samarbeidsavtale med VilVite. I etterkant har også Alver kome til, og vi håpar endå fleire kommunar vil sjå verdien av å spreie realfagsglede til sine innbyggarar, seier han.