Loading
Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

I statsbudsjettet for 2026 vart fleirtalet på Stortinget einige om å auke tilskotsordninga for “toppa bemanning” i barnehagane frå 200 til 800 millionar kroner.
Pengane skal brukast til å “styrke eller avlaste grunnbemanninga i barnehagane”.
Alle kommunar kan få midlar, og midlane er allereie fordelte basert på kor mange barnehageborn kvar kommune har.
Dei fire fensfjordkommunane kan til saman få kring 970.000 kroner i slike tilskotsmidlar.
Dei er fordelt slik på kvar kommune (tal barnehageborn i parentes):
Men det er ikkje berre for kommunane å ta imot desse midlane. Kommunane må først oppfylle nokre vilkår.
Kommunane må ha oppfylt bemanningsnorma for barnehagar, og tilskotsmidlane kan ikkje bli brukte til å finansiere eksisterande årsverk eller ekstra årsverk for å fylle bemanningsnorma.
Derimot må pengane nyttast til å auke bemanning utover bemanningsnorma.
“Ordninga skal sikre ei reell styrking av bemanninga – utover dagens lovkrav”, skriv regjeringa om tilskotsordninga.
Det blir vidare forklart kva midlane til dømes kan nyttast til.
“Midlane kan bli brukte til å tilsette fleire medarbeidarar, til dømes assistentar, fagarbeidarar eller barnehagelærarar. Dei kan òg bli brukte til tiltak som avlastar og styrkar bemanninga, slik som ein kjøkkenassistent”, skriv regjeringa.
Tilskotsordninga skal bidra til betre bemanning i barnehagane, og pengane er klare til å hentast viss kommunane kan nytta dei innanfor tilskotsvilkåra.