Loading
Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

Den tredje inntaksrunda, og det endelege opptaket for alle med rett til vidaregåande opplæring i Vestland er klart, og som venta er det blitt oppretta ei rekke nye klassar for å ta hand om ei auka søkarmasse. I alt blir det oppretta 24 nye klassar rundt om i fylket.
Tre av desse kjem til Austrheim vgs. Der blir det oppretta nye klassar innanfor teknologi- og industrifag, bygg og anleggsteknikk og påbygg.
Samstundes mister Austrheim køyretøy-klassen på grunn av for få søkarar. Inntaket til denne klassen vart tidlegare i sommar sett på pause av fylkesadministrasjonen, men starta opp att av politikarane etter eit ekstramøte i opplæringsutvalet midt i juli.
I same møtet fekk fylkesdirektøren fullmakt til å opprette nye klassar for å handtere dei ekstra søkarmassane, og med det endelege inntaket gjennomført blir fasit for Austrheim at dei mister éin klasse, men får tre nye for komande skuleår.
Høge søkartal gjer at det blir oppretta tre nye klassar ved Austrheim vidaregåande skule. Samstundes forsvinn køyretøy-klassen på grunn av for få søkarar.