FENSFJORDEN
Publisert for omtrent 11 timer siden|Nyheiter

Folkeauke i Fensfjorden

Tre av fire kommunar har vekst i folketalet dei siste tre månadane. Siste kommunen står på staden kvil.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 21.08.2025 12:15
Folketal i Fensfjorden
FOLKEMENGDE: Det er ikkje alle deltakarane på Utkant som bur i ein av fensfjordkommunane, men eit arrangement som Utkant kan definitivt spele ein positiv rolle på folketalsutviklinga. (Arkivfoto)

Torsdag lanserte SSB den ferske folketalsutviklinga i alle landets kommunar for 2. kvartal, altså månadane april, mai og juni. Utviklinga er positivt nytt for kommunane rundt Fensfjorden.

Til saman har folketalet i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje auka med 17 personar i perioden. Det totale folketalet er no 7.397.

Flest nye innbyggarar har Austrheim fått, med auke frå 2.921 innbyggarar per 1. april til 2.930 innbyggarar per 1. juli.

Gulen går frå 2.263 til 2.269 innbyggarar, medan Fedje har auka med to og dermed står med 520 innbyggarar.

Masfjorden er einaste kommune utan auke i 2. kvartal, men har heller ingen nedgang. Dei står på staden kvil med 1.678 innbyggarar.

Tilflytting gjev vekst

Hovudårsaka til veksten er tilflytting, og alle kommunane har høgare tilflytting enn fråflytting i perioden. Ein del av desse kjem frå utlandet, ikkje minst for Austrheim som har fått registrert sju nye personar flyttande frå utlandet.

Også når det gjeld innanlands inn- og utflytting kjem alle kommunane i pluss. I alt har 78 personar meld flytting frå ein annan norsk kommune til dei fire fensfjordenkommunane, og 57 har flytta ut.

Det som dermed held att deler av folkeveksten er at det er fleire som døyr enn som blir fødd. 22 personar gjekk bort i løpet av dei tre månadane, og det vart 17 nye fensfjordingar.

Heile elleve av dei nyfødde kom i Gulen kommune, som dermed er einaste kommunen som kan gle seg over eit såkalt "fødselsoverskot". Det er så langt i år blitt fødd 13 nye gulingar, noko som gjer at Gulen ligg framfor skjemaet frå 2024 då det totalt vart fødd 22 barn i kommunen.

I Austrheim har det til no i 2025 blitt fødd elleve barn. I fjor vart det totalt fødd 19. I Masfjorden har det berre blitt fødd to barn i løpet av året, medan det i fjor vart fødd 17 barn.

På Fedje har det blitt fødd éitt barn i første halvår av 2025, medan det i fjor vart fødd fire.

Fleirårig fødselsunderskot

Utan tilflytting, der flyktningar frå Ukraina utgjer ein stor andel, hadde fensfjordkommunane hatt ein negativ trend i folketalsutviklinga. I løpet av dei siste 20 åra har det berre skjedd to gongar at talet på nyfødde er større enn talet på døydde gjennom eit heilt kalenderår.

Sidan 2015 har det berre vore fødselsunderskot i regionen. I denne tiårsperioden har det til saman døydd 119 fleire innbyggarar enn det har blitt fødd. Éin kommune går derimot i fødselsoverskot i same periode. Det er Austrheim med ti innbyggarar i pluss. Samstundes er utviklinga negativ også for Austrheim, som har gått i fødselsunderskot dei tre siste åra.

Sjølv om dei ferske tala til SSB gjev eit bilete av utviklinga så langt i 2025, er det mykje som kan skje av resten av året. I små kommunar er det ikkje uvanleg at det kan vere store variasjonar i tala, både gjennom året og frå år til år. Dei neste tala til SSB kjem om tre månadar, og viser utviklinga i juli, august og september.