FENSFJORDEN
Publisert for 9 dager siden|Kultur

Folkefest trass uvêr og avlyst fisking

Ute regna og bles det, men inni festivalteltet var folket samla til fest då Fensfjorden tok turen innom Fedje og EM i havfiske.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 12.08.2025 12:00
Publikum på trikseshow
TRIKSESHOW: Sjølv med regn og vind utandørs, fann mange vegen til festivalteltet gjennom EM i havfiske-veka på Fedje.

EM i havfiske vart aldri heilt det fedjefolkte håpte på, men folkefesten det likevel vart trass at vêrgudane hadde slått seg ordentlege vrange, gjev meirsmak for mange på Fedje. Ikkje minst for Matkroken-sjef Otto Nordby, som rigga i stand festivalteltet og fylte det med innhald og aktivitetar gjennom heile EM-veka.

– Det er mange som spør om vi vil gjere dette igjen, seier han då Fensfjorden tok turen fredag.

Nordby var spent på korleis det ville bli å sette opp eit stort festivaltelt og fylle det med innhald, inkludert artistar som Tor Endresen og Frode Alnæs, samt komikar Jon Niklas Rønning, som var eit arrangement i samarbeid med bygdelaget.

– Det har gått slag i slag, men det har vore gøy. Og folk er flinke til å stille opp på det som skjer. På tross av det vi har opplevd med vêret, er vi veldig happy så langt, seier han.

Svaret på om noko liknande kan gjentas seinare somrar, også utan at det er eit havfiske-EM i botn, er kanskje. Men først må han sjå litt på rekneskapen for denne EM-veka.

– Vi må sjå at vi landar nokolunde på beina, seier han.

Otto Nordby
NØGD: Matkroken-sjef Otto Nordby var fornøgd med veka, trass utfordringar med vêret.

Vêret stoppa fiskarane

For det er ikkje å legge skjul på at Nordby og dei andre Fedje-aktørane som stelte i stand program og aktivitetar i samband med fiskemeisterskapen, hadde førebudd seg på endå meir folk. Men vêret kan ein desverre ikkje kontrollere.

Måndagen gjekk føre seg som planlagd. Fiskarane fiska, og fangsten vart seld på kaiområdet. Men så kom vinden. Til slutt vart all fisking resten av veka avlyst på grunn av vind og bølger.

Men folkefesten stoppa ikkje. I festivalteltet fortsette programmet, og fredag kveld var det duka for det som på papiret kanskje var vekas største trekkplaster, nemleg Tor Endresen.

– Det har jamt over vore mellom 150 og 200 på arrangementa, og i kveld bikkar vi kanskje 200, fortel Nordby før kveldsprogrammet starta opp fredag.

Familieunderhaldning

Då hadde det allereie vore mykje folk i teltet. Tidlegare på dagen inviterte dei barn og familiar til trikseshow med fleire gongar verdsmeistar i fotballtriksing, Tobias Becs.

Trikseshow
IMPONERTE: Tobias Becs underheldt både store og små med sine triks.

Han leverte ei forrykande oppvising som imponerte både store og små. Etterpå fekk dei som ville prøve å trikse sjølv kome fram, og Becs stod klar med gode tips til dei unge talenta.

– Vi var spente på om dette ville slå an, og det gjorde det verkeleg. Vi hadde lyst til å gjere noko for dei litt yngre, fortel Nordby.

Triksing med barn
TRIKSING: Barna fekk også prøve seg med ball i beina, og fekk med seg gode tips frå triksekongen sjølv.

Feststemde publikummarar

Etter å rigga om teltet frå trikseshow til konsert, begynte dei fyrste feststemde publikummarane å finne plassane sine medan klokka nærma seg 18.00. I fleirbrukshallen gjorde fiskarane seg klare til premieutdeling og gallamiddag, medan radøygruppa Between The Lines starta den musikalske heilaftenen i teltet.

Between The Lines
OPPVARMING: Between The Lines viste at dei kunne handtere instrumenta på ein strålande måte.

Ute var det surt og kaldt, slik det hadde vore mesteparten av veka. Vêret stoppa mellom anna mange potensielle båtgjestar frå å ta turen, men teltet vart likevel fylt opp av ei god blanding av lokale fedjingar og tilreisande.

Between The Lines varma opp publikum på ein solid måte, før kveldens store stjerne Tor Endresen tok over. Allereie på første låt var allsongen i gang.

Medan nokon, inkludert underteikna journalist, måtte rekke siste ferje, gjorde Endresen seg ferdig med settet sitt, før gruppa Wizzwazz avslutta festkvelden.

Tor Endresen
TREKKPLASTER: Tor Endresen var blant dei største namna som tok turen til Fedje i EM-veka.
Publikum i festivalteltet
FULLT: Teltet var fullt i folk fredag kveld.

Politikarar på besøk

Fedje-ordførar Stian Herøy var sjølvsagt til stades gjennom heile veka. Fredag kveld fekk han også lokka fylkesordførar Jon Askeland ut i havgapet for å kaste glans på EM-veka.

– Å få ein internasjonal havfiskekonkurranse til Fedje er kjekt for heile Vestland fylke, seier Askeland.

Han nølte ikkje då han fekk invitasjonen frå Herøy til å ta turen til Fedje.

– Eg vil bruke vervet mitt til å sikre busetnad i heile fylket, og grunnlaget for det er aktivitetar og arbeidsplassar, seier fylkesordføraren.

Ordførar Herøy skryter av dei som har lagt ned innsats for å skape aktivitet på Fedje denne veka.

– Det er mange som har satsa hardt og skapt ei veldig flott veke sjølv om ein har vore veldig uheldig med vêret.

Han forklarar at veka skal fungere som eit utstillingsvindu for alt Fedje har å tilby resten av året, ikkje minst sommaren som er ei viktig tid for den lokale verdiskapinga.

– Ein får vist fram kva vi har å tilby på ein heilt annan måte enn elles, seier han.

Herøy fortel at det også har vore mange besøkande gjennom heile sommaren.

– Vi hadde enorm vekst i reisande med ferja i fjor, og eg tippar vi har tilsvarande vekst i år.

Askeland håpar eit slikt arrangement vil vere samlande både for folk på fedje og elles i regionen.

– Eg trur den viktigaste langtidseffekten er viss fedjingane og strilar elles etter desse festivaldagane tenker at dette var steikande kjekt og at dette samlar oss. Ein skal aldri undervurdere viktigheita av stoltheita som ligg i eit lokalsamfunn når ein får til noko i lag, avsluttar han.