Førehandsrøystinga er i gang
På desse plassane kan du førehandsrøysta fram til valet 8. september.


8. september er det stortingsval, og måndag 11. august opna førehandsrøystinga. Det betyr at innbyggarane i fensfjordkommunane kan gå til røysteurnene allereie no, ein knapp månad før sjølve valdagen.
Ein kan førehandsrøysta fram til 5. september, og slik er opplegget i kvar kommune:
Gulen
I Gulen kommune skjer førehandsrøystinga i kommunehuset i Eivindvik. Det er ope mellom klokka 9 og 15 måndag til fredag. Torsdag 4. september er det utvida opningstid til klokka 18.
I tillegg er det mogleg å røyste på Vidsyn fredag 29. august mellom klokka 11 og 19, og ved Eivindvik bu- og omsorgssenter, Byrknes bu- og omsorgssenter, Dalsøyra bu- og omsorgssenter og Brekke bu- og omsorgssenter laurdag 30. august mellom klokka 11 og 14.
I tillegg blir det ei eiga røystemoglegheit for bebuarar og tilsette ved Gulen sjukeheim fredag 29. august mellom klokka 11 og 13.
Sjølve valdagen blir det opna for røysting på Risnehallen samfunnshus i Brekke, Dalsøyra skule, Byrknes skule og kommunehuset i Eivindvik. Opningstid er 10 til 18.
Masfjorden
Masfjorden har førehandsrøysting i kommunehuset på Masfjordnes mellom klokka 9 og 15, måndag til fredag.
Ute i krinsane blir det røystemoglegheit ved biblioteket i Matre torsdag 28. august mellom 13 og 18.30, ved biblioteket på Hosteland tysdag 2. september mellom klokka 13 og 19, og ved Fensfjordbygg på Hosteland, butikken på Kvingo og butikken på Haugsvær fredag 5. september mellom klokka 12 og 18.
Bebuarar og tilsette ved Masfjorden sjukeheim kan røyste mellom klokka 10 og 12 tysdag 2. september.
På valdagen blir det røysting både ved kommunehuset, Matre skule og Nordbygda skule mellom klokka 11 og 18.
Austrheim
I Austrheim kommune kan ein førehandsrøyste ved kommunehuset mellom klokka 9 og 15 måndag til fredag. I tillegg blir det fleire dagar med utvida opningstid. Torsdag 21. august, 28. august og 4. september er det ope til klokka 19. Det er også laurdagsope 23. august og 30. august mellom 10 og 14.
På valdagen blir det laga til røystelokale i Austrheimhallen og ved Kaland skule. Opningstid er 14 til 21.
Fedje
Fedje har førehandsrøysting på sørvistorget (vis-a-vis kommunehuset) måndag til fredag mellom klokka 9 og 15. I tillegg er det mogleg å røyste laurdag 23. august og 30. august mellom 10 og 14. Fredag 5. september, den siste dagen det er mogleg å førehandsrøyste, stengar lokalet klokka 14.
På Fedje sjukeheim blir det førehandsrøysting tysdag 3. september mellom 10 og 12.
På valdagen blir røystinga i Fedje fleirbrukshall mellom klokka 10 og 20.
Hugs legitimasjon
Det er også mogleg å røyste heimefrå. Det må ein i så fall søke sin kommune om innan torsdag 4. september klokka 12.
Meir informasjon om valet er lagt ut på alle kommunane sine heimesider. Det viktigaste ein sjølv må hugse når ein går til valurnene, er å ha med gyldig legitimasjon.