FENSFJORDEN
Publisert for tolv dagar sidan|Nyheiter

Føreslår å fjerne studiespesialisering

No skal det vidaregåande skuletilbodet for neste skuleår avgjerast, og fylkesdirektøren tilrår at det ikkje blir oppstart av vg1 studiespesialisering på Austrheim vidaregåande skule.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 17.04.2026 09:00
Austrheim vidaregåande skule
KAN MISTE TILBOD: Det er fare for at det ikkje blir oppstart av ny studiespesialiseringsklasse på VG1 på Austrheim vidaregåande skule neste skuleår.

Forslag om å fjerne ulike linjer ved den vidaregåande skulen i Austrheim har vore tema over fleire år, og i desse dagar startar fylkespolitikarane arbeidet med å legge opp det vidaregåande skuletilbodet for komande skuleår.

Det nye forslaget frå Fylkesdirektøren inneber å kutte studiespesialisering på vg1 ved Austrheim VGS.

Dei nye tilrådingane er basert på dei førebelse søkartala til vidaregåande opplæring. Det blir vist til låge søkartal, og at det er fare for at at fleire av elevane som har fått plass kan flytte seg til eit høgare inntaksønske før skuleåret startar opp.

Prognoseinntaket viser at det er elleve primærsøkarar til vg1 studiespesialisering, altså søkarar med Austrheim som førsteval. I tillegg har seks søkarar som ikkje har skulen som førsteval også fått plass. Det betyr at det førebels ligg an til 17 elevar og 13 ledige plassar i klassen.

“Av dei som er tekne inn, har seks av søkarane ikkje skulen som førsteønske, men er tekne inn på eit lågare ønske. Dette indikerer at ein del elevar kan kome til å flytte seg til høgare ønske i inntaksperioden. På bakgrunn av tidlegare erfaringane med endringar i inntaksperioden, og risikoen for eit betydeleg auka tal ledige plassar, tilrår direktøren at vg1 studiespesialisering ikkje vert starta opp”, skriv Fylkesdirektøren i sine vurderingar.

Også andre skular i fylket risikerer å miste studiespesialiseringa si av same årsakar som Austrheim, inkludert Fusa VGS og Osterøy VGS.

“Dei svært låge søkartala gjer det krevjande å etablere berekraftige klasser på Vg1-nivå. Dette får vidare konsekvensar for opplæringa på Vg2, der elevane vel både programområde og ulike programfag. Når elevgrunnlaget på Vg1 er lite, fører dette til at faggruppene på Vg2 blir svært små og fragmenterte. Det er krevjande å forsvare ressursbruken når gruppestorleiken blir så låg at undervisninga ikkje kan organiserast på ein effektiv måte”, skriv Fylkesdirektøren om studiespesialiseringa ved desse skulane

Saka skal til opplæringsutvalet i fylket i slutten av månaden, og i neste veke skal yrkesopplæringsnemnda gje uttale til saka. Det er politikarane som til slutt avgjer korleis tilbodet for komade skuleår blir.