Føreslår å stenge barnehagar og SFO i juli
Kommuneadministrasjonen i Gulen føreslår å halde SFO og barnehager stengde i juli månad. Det kan kommunen spare 1,3 millionar kroner på. I neste veke skal oppvekstpolitikarane drøfte saka.


Sakene om dei nye vedtektene har blitt varsla som ein del av det vidare arbeidet i kjølvatnet av dei mykje omtalte PwC-rapportane.
I neste veke skal politikarane i hovudutvalet for oppvekst og kultur i Gulen samlast for første gong i 2026, og ei av oppgåvene deira blir å diskutere korleis SFO- og barnehagetilbodet i kommunen skal sjå ut. Det blir gjort gjennom å fastslå kommunen sine vedtekter for dei to tenestene.
Barnehage- og SFO-vedtektene seier mellom anna kva slags opningstider tenestene skal ha, og endringane kommuneadministrasjonen føreslår er i hovudsak knytt til opningstider.
Sommarstenging
I dag er både SFO og alle barnehagane “i hovudsak” open heile året, med unntak av heilagdagar, jul- og nyttårsaften og planleggingsdagar.
I det nye forslaget blir det lagt opp til at SFO og barnehagane skal halde stengt i juli månad.
Det er også i tråd med PwC sine tilrådingar.
Kommuneadministrasjonen viser til at “endringane skal sjåast i samanheng med kommunens økonomiske situasjon og behovet for å gjennomføre omstillingar i oppvekst- og kultursektoren dei komande åra”.
Bemanningsutfordringar om sommaren
Det er eigne vedtekter for SFO og barnehagar, og dei skal dermed opp til politisk behandling som to separate saker. Argumenta for sommarstenging er likevel i stor grad dei same.
“I dag held barnehagane opent heile året, noko som gir utfordringar knytt til bemanning, rekruttering og vikarbruk – særleg i juli. Ei stenging i juli vil gjere det vesentleg enklare å planleggje ferieavvikling”, står det i saksutgreiinga knytt til barnehagevedtektene.
Dei same orda blir brukte om SFO.
I begge saker blir det også vurdert at “ei fast stengd julimånad vil gi auka grad av føreseielegheit for drift og planlegging”, samstundes som det blir peikt på at endringane vil gje “mindre fleksibilitet for både tilsette og småbarnsfamiliar”.
Det er verd å merke seg at alle barna i barnehage eller SFO skal ha minst fire ferieveker i året, og at minst tre av vekene skal vere i ein samanhengande periode i fellesferien.
Økonomi
Til sjuande og sist er dette forslag som skal bidra til ein meir berekraftig økonomisk drift i oppvekstsektoren, og kommuneadministrasjonen meiner det er vesentlege pengar å spare på tiltaka. Dei meiner tiltaka kan gje mindre vikarbruk gjennom heile året.
“I dag nyttar ein vikarar og faste tilsette til å drifte tilbodet i desse vekene, samstundes som faste tilsette kan ta ut ferie på andre tidspunkt i året. Dersom delar av ferien i større grad blir samla om sommaren, kan dette redusere behovet for vikarbruk også andre delar av året. Ein vil såleis kunne oppnå ein samla effekt over fleire periodar, ikkje berre i sjølve stengingsvekene”, står det i saksutgreiingane.
Sjølv om det er noko usikkerheit knytt til innsparingspotensialet, estimerer administrasjonen at kommunen kan spare 950.000 kroner ved å stenge barnehagane i juli, og 350.000 kroner ved å stenge SFO, altså til saman 1,3 millionar.
Andre endringar
Det er endringar i opningstidene som er meint å gje dei klart største innsparingane, men det blir også føreslått nokre andre endringar som gjev mindre innsparingar.
Administrasjonen tilrår å fjerne søskenmoderasjon som går på tvers av barnehage og SFO.
“Tiltaket åleine vil ikkje gje store innsparingar, men i ein situasjon med stramme økonomiske rammer er det avgjerande å identifisere og gjennomføre fleire mindre justeringar samla sett. Endringa vert difor vurdert som eitt av fleire naudsynte grep for å nå dei samla innsparingskrava”, skriv administrasjonen.
I tillegg er det føreslått å endre normtalet for tilsette i SFO, altså opne for fleire barn per tilsette. I dag seier vedtektene at det som regel ikkje skal vere meir enn elleve barn per tilsett, men i det nye vedtektsforslaget blir dette auka til 13. Det er basert på snittet i dei andre kommunane i Nordhordland.
Til dømes opnar Alver for 15 barn på tilsett, medan Austrheim og Masfjorden ligg på tolv barn per tilsett.
Høyringsrunde
Saka skal ikkje bli endeleg avgjort i møtet i neste veke, men politikarane har høve til å signalisere om dei vil støtte administrasjonen sine forslag eller behalde vedtektene slik dei er i dag.
Det kan også vere mogleg med andre løysingar. Til dømes er det andre kommunar som i dag har ope barnehage og/eller SFO gjennom heile året, men at alle barna blir samla i éin barnehage/SFO midt på sommaren.
Dei nye vedtektene skal etter planen leggast ut på høyring fram til 8. mars, slik at innbyggarane kan kome med sine innspel.
“At saka vert sendt på høyring allereie no, gir foreldre større føreseielegheit, sidan dei får informasjon om ei eventuell sommarstenging i relativt god tid før sommarferien”, skriv kommuneadministrasjonen.