Loading
Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

Kvart år gjennomfører NHO kommune-NM, som er ei rangering av alle kommunane i landet for å måle kvar kommunes økonomiske berekraft. Rangeringa baserer seg på tal og statistikk innanfor temaa næringsliv, arbeidsmarknad, kommuneøkonomi, kompetanse og demografi.
Sjå full liste over indikatorane som er brukt nedst i saka.
– Kommune-NM forsøker å måle kva kommunar som er mest vekstkraftige, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum i ei pressemelding.
Den beste kommunen i årets kåring er Sola, etterfølgd av Oslo, Bærum og Trondheim. Ein trend som tydeleg går att er at store kommunar generelt sett gjer det betre enn små kommunar.
– Kommune-NM viser tydeleg at mange distriktskommunar pregast av smådriftsulemper. Lite næringslivsvariasjon og dårleg tilgang på arbeidskraft hemmar grunnlaget for vekst. Svekka kommuneøkonomi blir endå ein stein til byrda. Det er fortsatt for mange små kommuner i Norge, seier Dørum.
– Det er fortsatt for mange små kommuner i Norge, seier NHOs sjeføkonom. Mange små kommunar hamnar langt nede i kommune-NM. Gulen er eitt av unntaka.
Men du må leggja inn e-postadressa di for å lesa vidare
Ved å oppretta ein konto godtek du våre og .