FENSFJORDEN
Publisert for tre dagar sidan|Nyheiter

– Auken i folketalet kjem stort sett av at vi har busett flyktningar

Frå starten på den fullskala invasjonen av Ukraina og fram til 1. januar 2025 vart det busett 310 flyktningar i fensfjordkommunane. Utan desse hadde alle kommunane hatt kraftig nedgang i folketalet. Torsdag kjem den ferskaste folketalsutviklinga frå SSB.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 18.11.2025 14:15
Arngunna Haga
NAV-ORIENTERING: Arngunna Haga i NAV orienterte om korleis busetting av ukrainske flyktningar påverkar folketala og utgiftene i kommunane. Samstundes peika ho på at ukrainarar som kjem i jobb kan bli ein ressurs for lokalsamfunna.

– Auken i folketalet kjem stort sett av at vi har busett flyktningar. Hadde vi ikkje busett flyktningar, hadde vi hatt nedgang i folketalet i alle kommunar.

Det sa Arngunna Haga, regionleiar i NAV Nordhordland, i sist kommunestyremøte i Austrheim.

Ho var med til Austrheim då NAV Fensfjorden skulle ha ei orientering om NAV-situasjonen i regionen.

Eit av temaa vart folketalsutvikling og busetting av flyktningar.

Frå 1. mars 2022, rett etter krigsutbrotet i Ukraina, til 1. januar 2025, auka folketalet i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje med totalt 138 innbyggarar.

I same periode vart det busett 310 flyktningar i dei fire kommunane.

Dermed hadde alle kommunane hatt negativ folketalsutvikling i perioden, viss det ikkje det hadde vore for tilflytta ukrainarar.

Torsdag blir dei ferskaste folketala frå SSB publiserte.

Dette er relevant for NAV fordi den generelle auken i utbetaling av sosiale ytingar mellom anna heng saman med busetting av ukrainske flyktningar.

Busetting kostar kommunane pengar, men staten kompenserer kommunane sine ekstrautgifter. Haga opplyste samstundes at det no er litt underdekking av desse utgiftene i regionen.

Spørsmålet er likevel om flyktningane kan bli ein ressurs for kommunane ved å bidra til arbeidsstyrken. Haga trekte linjene til dei framtidige utfordringane som kjem av fleire eldre og færre i arbeidsfør alder.

– Han som er statistikksjef i NAV seier at flyktningsituasjonen er ein gåve til arbeidsstyrken, sa Haga.

Sjølv om fleirtalet av ukrainske flyktningar i regionen er barn og pensjonistar, er det framleis mange som også er i arbeidsfør alder. Desse gjeld det å få ut i arbeidslivet.

Haga forklarte at mange ukrainarar får kortare introduksjonsprogram enn andre flyktninggrupper, noko som heng saman med om ein har vidaregåande utdanning frå før. Det betyr også at det tar kortare tid før flyktningane går over på ordinære sosiale ytingar frå NAV.

Samstundes kjem ukrainarar raskare i jobb enn fleire andre flyktninggrupper.

Tal frå SSB viser at nesten 60 prosent av ukrainske flyktningar som har gjennomført introduksjonsprogrammet er i jobb. Dette er tal på landsbasis.

Likevel har mange ukrainarar utfordringar med å finne arbeid, ikkje minst på grunn av språkproblem.

Haga viste til at det blir gjort nokre grep. Ho fortalde om ein samarbeidsavtale mellom NAV og vaksenopplæringa i Austrheim, som skal auke språknivået og hjelpe fleire ut i arbeid. Den inneber at NAV kjøper norskundervising av vaksenopplæringa til flyktningar som ikkje lenger har rett på norskopplæring i kommunen.

Samstundes kan kommunane sjølv bruke meir ressursar på arbeidsretta tiltak.

– Alver kommune har sett inn kommunale ressursar i flyktningarbeidet på NAV, både i forhold til sosialhjelp og arbeidsretta oppfølging, men fensfjordkommunane har valt å ikkje gjere det, sa Haga.