Har valt ny kommunedirektør
Intervjurundane er ferdige, og tilsetjingsutvalet har funne sin kandidat til å etterfølge Bjørnar Fjellhaug som kommunedirektør i Austrheim kommune.


Austrheim kommune har dei siste vekene gjennomført intervjurundar med søkarane til den ledige stillinga som kommunedirektør, kommunes høgaste administrative leiar.
Før sommaren forlet Bjørnar Fjellhaug stillinga, og oppvekstsjef Trine Merete Jansen har vore konstituert i jobben.
No har tilsetjingsutvalet funne sin nye kandidat, og valet fell på Britt Skaalevik Lerøy.
Tilsetjingsutvalet har bestått av formannskapsrepresentantane, med unntak av Per Lerøy som sjølv var blant søkarane til kommunedirektørjobben. Lokale tillitsvalde frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet har også vore med i utvalet. Dei har gjennom prosessen hatt bistand frå rekrutteringsverksemda Capus.
Det som gjenstår før rekrutteringa er heilt i boks, er at kommunestyret gjer vedtak om tilsetting. Det hamnar på politikarane sitt bord i komande møte, 11. september.