Loading
Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

Valdirektoratet har publisert dei siste tala for kor mange som har førehandsrøysta. Fredag, den siste dagen med moglegheit for å førehandsrøyste, var den største førehandsrøystedagen i landet med over 200.000 som gjekk til valurnene.
Til saman har over 1,9 millionar nordmenn førehandsrøysta. Det tilsvarar 47,1 prosent av alle røysteføre i landet.
I Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje har til saman 2.326 personar førehandsrøysta. Det tilsvarar 43,3 prosent av alle røysteføre.
Slik er fordelinga per kommune:
Ved stortingsvalet i 2021 var det 1,6 millionar som førehandsrøysta, medan talet ved kommunestyrevalet i 2023 "berre" var 1,2 millionar. Det heng saman med at det er langt færre på landsbasis som røyster ved kommunestyrevala.
I fensfjordkommunane røysta 41,9 prosent av dei røysteføre på førehand i 2021, noko som betyr at den lokale auken ikkje har vore like markant som nasjonalt.
Masfjorden er kommunen med mest auke i talet på førehandsrøyster, medan Fedje har hatt ein nedgang sidan 2021.
For dei som ikkje har røysta endå, er siste sjanse på sjølve valdagen. Då har kommunane følgande røystelokale og opningstider:
På sjølve valdagen kan ein berre røyste i den kommunen ein er manntalsført. I tillegg må ein ha med legitimasjon.
Fredag var siste dag med moglegheit til å førehandsrøyste. I dei fire fensfjordkommunane har over 43 prosent allereie avlagt si stemme.