Kjøper bustadareal for 8 millionar kroner
Austrheim kommune kjøper 445.000 kvadratmeter areal som er tilrettelagt for minst 140-150 nye bustadar.


Austrheim kommune har investert stort i kjøp av eigedomar i området rundt boligfelta på vestsida av Åråsvågen. Det melder kommunen sjølv på eigne heimesider.
Kommunen har kjøpt eit stort areal rundt boligfelta ved Åråsvågen, Høgeberget, Åråsvågmyra, Gjerdhaugen og Åråsvågtoppen (hyttefeltet ved Blodvika).
Areala omfattar gardsnummer 148, bruksnummer 2, 11, 14, 15 og 16.
Desse eigedomanen tilsvarar drygt 445.000 kvadratmeter, og dekker mesteparten av det ubebygde arealet mellom Åråsvågen i aust og Rasmusvatnet/Klaravatnet/Rotevatnet/Ulvikevatnet i vest, Høgeberget i sør og Blodvika/Åråsvågtoppen i nord.
Kjøpesummen er på 8 millionar kroner, og skal finansierast ved låneopptak. Investeringa vil dermed kosta kommunen kring 420.000 kroner i året i budsjettmessige utgifter fram til lånesummen er nedbetalt.
140-150 bustadtomter
Den langsiktige planen er at kjøpesummen skal finansierast ved vidaresal av bustadtomter innanfor arealet. Regulering av området i dag opnar for 140-150 bustadtomter, og kommunen peikar på at omregulering kan opna for endå fleire tomtar.
“Dette gjev såleis grunnlag for at enkeltpersonar og byggefirma kan få kjøpa tomter for husbygging, og auka folketalet i kommunen”, skriv kommunen på eigne nettsider.
Monstad Eiendomstaksering har gjort ei verdivurdering av eigedomane, med utgangspunkt i berekna oppføring av kring 140 bustadar. Denne verdivurderinga er sett til 27 millionar kroner. Vurderinga tar ikkje høgde for tomtebelastning eller grunnundersøkingar.
Politisk vedtak
Kommunestyret gjorde vedtak om arealkjøpet i desember. Det vart gjort bak lukka dører på grunn av at kommunen var i ein forhandlingsposisjon. Saka har no blitt offentleggjort.
Politikarane gjekk inn for kjøpet i tråd med kommunedirektøren si tilråding.
Det betyr at kommuneadministrasjonen og politikarane meinar kommunen har “økonomisk bereevne” til å ta på seg eit slikt kjøp, trass ein økonomisk situasjon der kommunen i 2024 gjekk i driftsmessig underskot og det blir gjennomført kraftige kutt for å sikra balanse i rekneskapen framover.
Det blir vist til at kommunen sin gjeldsgrad ikkje vil overstiga det maksimale måltalet på 85 prosent i løpet av dei komande åra.