FENSFJORDEN
Publisert for omtrent en måned siden|Nyheiter

Klagar på NVE-vedtak

Heile kommunestyret i Gulen var einige i å klage på NVE sitt vedtak etter at kommunen sitt nattestøy-krav ikkje vart tatt med i konsesjonsgodkjenninga.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 29.08.2025 09:30
Gulen kommunestyre
KLAGAR PÅ NVE: Eit samrøysta kommunestyre i Gulen gjekk tysdag inn på å klage på konsesjonen NVE har gjeve til den nye vindturbinen i Sløvåg. Kommunestyret vil ha strengare krav til maksimal nattestøy. (Arkivfoto)

Tysdag var politikarane i Gulen samla til eit ekstramøte i kommunestyret. Bakgrunnen for møtet er saka om vindturbinen i Sløvåg.

Før sommaren vart det kjent at NVE gjev konsesjon til bygging og drifting av turbinen, etter at fleirtalet i kommunestyret sjølv sa ja for eitt år sidan.

Men kommunestyret sitt vedtak inneheldt eit krav om maksimal støy nattestid på 37 dB. Det kravet har ikkje NVE med i si godkjenning til utbyggarane. NVE har også krav til maksstøy, men det er knytt opp til eit gjennomsnittsnivå som kommunen meiner opnar for at støyen om natta kan bli høgare enn grensa dei ønsker å sette.

– Dette er for å vere sikker på at vi skjermer folk om natta, kommenterte sakshandsamar Kjell Anders Reigstad i møtet tysdag.

Han viste til at grensa kommunen ønsker å sette mellom anna er basert på erfaringar frå vindkraftanlegg i Tysvær.

Politikarane brukte tid på å diskutere saka, både på tvers av partia og i eigne gruppemøte. Det var likevel liten tvil om at alle støtta forslaget frå kommunedirektøren om å klage på vedtaket, og kreve at nattestøykravet blir tatt inn i konsesjonen. Det vart til slutt samrøysta vedtatt.

Det andre punktet i kommunedirektøren si innstilling var det meir skepsis til. Der hadde kommunedirektøren føreslått at dersom NVE ikkje tar klagen til følge, vil kommunen sjølv jobbe med å finne ei løysing anten ved å ugyldiggjere reguleringsplanen for næringsområdet som opnar for den 275 meter høge vindturbinen, gjere eit eige vedtak om maksstøy gjennom forureiningslova eller folkehelselova, eller søke ein frivillig avtale med utbyggar om maksgrense på nattestøy.

Det vart stilt spørsmål frå politikarane om kva slags handlingsrom og moglegheiter kommunene eigentleg har dersom NVE ikkje går med på kommunen sitt krav.

– Er dette sjekka ut som handlingsalternativ vi faktisk har? spurde Helge Pedersen i Senterpartiet.

– Viss desse punkta blir ståande, kjem vi til å jobbe videre med å kvalitetssikre kva veg vidare som er det beste og kva som er mogleg. Det viser seg i møte med tiltakshavar at dei har ein anna oppfatning av kva som er kommunen sitt handlingsrom enn det vi har, så det er litt å utforske vidare, svarte kommunedirektør Reidun Halland.

– Vi snakkar her om rekkefølge på kva som skal skje. Eg går ut i frå at kommunestyret kjem til å vere einige om at punkt 1 er å klage til NVE. Så må vi vente på resultatet av den klagen. Vi har fått skissert nokon handlingsalternativ, men der vil det òg vere greitt å tenke gjennom kva av desse som skal kome først, sa Pedersen vidare.

Han meinte mellom anna at å lage ein lokal avtale med utbygger bør vere eit alternativ som kjem lengre ned på lista enn dei andre alternativa.

– Kva skal bli rekkefølgen viss NVE seier nei til klagen? spurde Pedersen retorisk.

Politikarane gjekk inn for å fjerne punkt 2, slik at det endelege vedtaket i første omgang berre er å klage på NVE sitt vedtak. Det vart samstundes ei slags munnleg semje om at ordførar og kommuneadministrasjon skal jobbe vidare med saka og eventuelle alternativ dersom klagen ikkje blir tatt til følge. Vegen vidare vil uansett bli følgd opp i kommunestyret.