FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan|Nyheiter

Korleis påverkar statsbudsjettet Fensfjorden?

Avvikling av gratis ferje, redusering av studiegjeldsletteordning og overføringar av pengar til kommunane er blant dei omdiskuterte punkta i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Senterpartiet meiner budsjettforslaget er dårleg for distrikta.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 17.10.2025 08:30
Fjordlandskap med fjord, fjell og skyer i bakgrunnen.
FENSFJORDEN: Statsbudsjettet inneheld fleire konkrete punkt som vil råke kommunane rundt Fensfjorden.

Onsdag presenterte finansminister Jens Stoltenberg arbeidarpartiregjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2026. Som vanleg skapar statsbudsjettforslaget sterke reaksjonar, men sjeldan så sterke som hos tidlegare samarbeidspartnar Senterpartiet.

Dei trugar nærast med å ikkje gå i forhandlingar med mindre Ap kjem med eit revidert forslag, og Trygve Slagsvold Vedum uttalte til NRK at Ap heller bør forhandle med Høgre.

Senterpartiet reagerer på kutt som råkar distrikta, og peikar mellom anna på kutting av gratisferjer, studiegjeldsletteordning, lite pengar til kommunane og lite satsing på næringslivet.

– Arbeidarpartiet har slutta å bry seg om heile Norge, seier finanspolitisk talsmann Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.

Fjernar gratisferjer

Eit av dei mest omdiskuterte punkta i statsbudsjettforslaget, er at regjeringa vil fjerne ordninga med gratis ferje som først vart innført i 2022.

Ordninga gjer i dag at dei minste sambanda, og samband til og frå lokalsamfunn som ikkje er landfaste. Det inkluderer Fedje-Sævrøy og Masfjordnes-Duesund, samt Rutledal-Rysjedalsvika-Krakhella, mellom Gulen, Hyllestad og Solund.

Viss regjeringa frå vilja si, kan det bety at det igjen blir betaling på desse sambanda.

Regjeringa argumenterer med at gratis ferje har gjeve negative konsekvensar for lokale innbyggarar, inkludert "auka trafikk", "unødvendig bruk av ferja", kø og attståande bilar.

– Ordninga med gratis ferje har gjeve fleire negative konsekvensar for lokalbefolkninga, næringa og fylkeskommunane. Mellom anna har det ført til auka trafikk, unødvendig bruk av ferja, kø og køyretøy som står att på kaia. Regjeringa ønsker at det skal vere god framkome og føreseieleg å reise på vegnettet vårt. Derfor prioriterer vi å vidareføre dei betydeleg reduserte takstane på ferje og avviklar ordninga for gratis ferjer, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Austrheim ut av gjeldssletteordning

I 2026 startar ordninga med sletting av studiegjeld for innbyggarar i distriktskommunar opp.

Kommunane i Norge kan delast inn i seks ulike soner, basert på kor grisgrendte dei er. Opphaveleg skulle gjeldssletteordninga gjelde for dei 189 kommunane i dei to minst sentrale sonene, sone 5 og sone 6.

Regjeringa føreslår no å kun innføre ordninga for kommunane i sone 6, noko som gjer at 101 kommunar vert eliminert frå ordninga.

Blant desse er Austrheim kommune. Austrheim ligg i sone 5, og er dermed målt til å vere ein meir sentral kommune enn både Fedje, Masfjorden og Gulen. Desse tre er i sone 6, og vil framleis vere ein del av gjeldssletteordninga.

Ordninga vil koste 437 millionar, og argumenta til regjeringa for å fjerne sone 5-kommunane frå ordninga er økonomiske.

– Det er krevjande økonomiske tider, og regjeringa har måtte gjere prioriteringar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Men også for kommunane i sone seks, inkludert Fedje, Masfjorden og Gulen, blir ordninga kraftig redusert. Opphaveleg skulle innbyggarar i desse kommunane kunne få sletta 25.000 kroner i året heilt fram til gjelda var nedbetalt.

I det nye forslaget kan ein berre få nedbetalt 25.000 kroner i året i tre år.

Forskjellar i kommunale inntekter

Noko av det viktigaste i statsbudsjettet for kommunane i landet, er kor mykje pengane kommunane får i overføringar frå staten. Det er avgjerande for heile kommuneøkonomien.

For 2026 føreslår regjeringa ein realvekst i kommunesektoren på 4,2 milliardar kroner.

Kor mykje kvar kommune får, er avhengig av ei rekke ulike faktorar, men regjeringa har gjort eit anslag. Blant fensfjordkommunane er det klare forskjellar på estimata.

Austrheim ligg an til ein nominell inntektsvekst på 12 millionar kroner frå 2025 til 2026. Det tilsvarar 4,4 prosent.

Fedje ligg an til ein vekst på 5,5 prosent, tilsvarande 4,1 millionar.

Både Masfjorden og Gulen ligg an til å få 5,7 millionar kvar meir å rutte med neste år. For Masfjorden tilsvarar det 3,2 prosent vekst, medan Gulen får 2,6 prosent vekst.

Anslaga i statsbudsjettet vil spele ein viktig rolle når kommunane snart startar sine eigne budsjettarbeid. Dei første budsjettforslaga er venta å kome rundt månadsskiftet oktober/november.