Kostnadssprekk for den nye Alversundbrua
Fylkesdirektøren ber om å få utvida kostnadsramma for den nye Alversundbrua med 125 millionar kroner.


Mange frå fensfjordregionen, særleg frå Austrheim og Fedje, nyttar seg av vegen over Radøy når ein skal sørover til Knarvik/Bergen.
Den gamle Alversundbrua har berre eitt køyrefelt og er lysregulert, men i fjor vedtok fylkestinget å bygge ny bru.
Den vedtatte kostnadsramma var i fjor på 768 millionar kroner. Justert opp til 2026-kroner tilsvarar det 795 millionar kroner.
Det er for lite, melder fylkesadministrasjonen.
Det er Vestland fylke som er ansvarleg for prosjektet.
Dei har gjennomført anbodsrunde og forhandlingar med tilbydarar, men ikkje fått inn noko endeleg tilbod som er i tråd med den vedtatte kostnadsramma.
“Gjennom anskaffinga har tilbodssummen vorte redusert, men det har ikkje vore råd å få tilbodssummen ned på nivå med vedteken kostnadsramme”, skriv fylkesdirektøren i ei sak til politikarane i samferdselsutvalet i fylket.
Politikarane skal drøfte saka på torsdag.
Fylkesdirektøren meiner at det ikkje er noko “å tene på å avlyse konkurransen og starte anbodsprosessen på nytt”.
Det vert vist til at det blant entreprenørar var “god interesse for prosjektet”, som i følge fylkesdirektøren “tilseier at konkurranse om prosjektet har vore god, og at dette truleg er dei beste prisane vi kan oppnå i marknaden”.
Difor vert politikarane bedne om å justere opp kostnadsramma. Fylkesdirektøren ber om 125 millionar kroner ekstra, slik at totalramma for prosjektet blir på 920 millionar kroner (i 2026-kroner).
“Kostnadsauken vi ser i prosjektet, er knytt til at ein på tidspunktet for anslaget ikkje har klart å fange opp kostnadsutviklinga i marknaden”, forklarar fylkesdirektøren.
Å auke opp ramma, framfor å starte ein ny anbodsrunde, meiner fylkesdirektøren også er viktig med tanke på framgang i prosjektet. Dersom fylkespolitikarane seier ja til kostnadsauken, kan ein kontrakt for bygging av brua signerast allereie i april.
Sjølv om fylkesdirektøren tilrår å auke opp kostnadsramma, blir det også peikt på konsekvensane av å sette av 125 millionar kroner ekstra til prosjektet.
“Dette vil bety at handlingsrommet for å gjennomføre andre prosjekt på fylkesvegnettet vil bli redusert”, skriv fylkesdirektøren.