FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan|Nyheiter

Mjømna får ny asfalt i 2026

Det er få fylkesvegar i fensfjordkommunane som er inne i fylket sine asfalteringsplanar for 2026, men vegen til Mjømna er blant dei prioriterte.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 04.03.2026 10:45
Mjømna kart
NYTT VEGDEKKE: Vegen til Mjømna er den einaste lokale fylkesvegen som er inne i asfalteringsplanane til fylket i 2026. (Norgeskart.no/Kartverket)

Vestland fylke sitt årlege dekkeprogram gjev føringar for kva fylkesvegstrekningar som skal prioriterast for å få ny asfalt. I år planlegg fylket å nyasfaltere kring 160 km med fylkesvegar.

Av desse er det få vegstrekningar i kommunane Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen som er på prioriteringslista. Fensfjordkommunen som får mest ny fylkesvegasfalt i 2026 er Gulen.

For dei kring 2,5 kilometrane med fylkesveg ut til Mjømna (frå Byrknesvegen) er nemleg inne på lista.

Det er samstundes det einaste lengre vegstykket i regionen som er prioritert i år.

Litt av midlane fylket brukar på nyasfaltering er øyremerkt gang- og sykkelvegar, og noko av dette kjem Austrheim til gode. Det er planlagt oppgradering av deler av gang- og sykkelvegane både langs Austrheimvegen og Sævrøyvegen.

Litt nytte kan fensfjordingane også få av den planlagde oppgraderinga på drygt seks kilometer av Mongstadvegen i Alver kommune. Mongstadvegen er hovudvegen frå Lindås til Leirvåg.

Fylkeskommunen har utfordringar med stram økonomi, og det er i år sett av 172 millionar kroner til dekkelegging.

Det er ein oppjustering frå dei to siste åra, då det har blitt brukt drygt 120 millionar, men framleis mindre enn i 2023 då det vart brukt 181 millionar.

Samstundes får fylket mindre for pengane.

I 2023 fekk fylket over 100 kilometer meir nytt dekke enn det som er planlagd i år.

“Prisauken heng saman med auka prisar på råvarer som bitumen, tilslag (stein), båttransport og auka vektlegging av klima- og miljøkrav. Samanlikna med andre delar av landet har vi fått relativt låge prisar”, skriv vegavdelinga i eit orienteringsskriv til samferdselspolitikarane.

Snittprisen per tonn asfalt var i fjor på 1.620 kroner. I 2023 var snittprisen på 1.379 kroner, og i 2021 på 920 kroner.

Det betyr at fylket ikkje får lagt så mykje ny asfalt som det er behov for. Etterslepet på fylkesvegane er allereie stort, og det blir berre større. Fylket har 5.600 km med fylkesveg, og den faglege tilrådinga er at dekket blir skifta kvart 18. år.

“Då er det behov for å legge 311 km med nytt dekke kvart år for å oppretthalde dagens standard. Ser vi samla på km dekke som er lagt frå 2020 til 2025 ligg det eit godt stykke under behovet, så etterslepet har auka”, skriv vegavdelinga.

For å hindre auke i etterslepet, treng avdelinga kring 300 millionar kroner i året.