Nærmar seg avgjerd for Vikanes og Romarheim
Mange i Alver-bygdene Romarheim og Vikanes vil bryte ut av kommunen. Masfjorden står klar til å ta imot bygdene, men innbyggarane vil heller til Modalen. Men betyr det at det er heilt uaktuelt at Masfjorden får utvida kommunegrensene? Det nærmar seg avgjerd.


Dei siste åra har det blitt jobba med ei sak knytt til bygdene Vikanes og Romarheim i Alver kommune på bakgrunn av eit innbyggarinitiativ. Saka handlar om å lausrive bygdene frå Alver kommune, og i staden bli ein del av anten Masfjorden eller Modalen.
Statsforvaltaren sa i utgangspunktet nei til å starte ei utgreiing knytt til ei slik grensejustering, men det kom fleire klagar på denne avgjerda. Difor er det kommunal- og distriktsdepartementet som skal avgjere saka.
Departementet ventar no på ei oppsummering av saka og tilråding frå Statsforvaltaren.
Masfjorden er klar
Frå slutten av september til starten av november var saka ute på høyring, og Masfjorden kommunen vedtok sitt innspel i slutten av oktober.
Politikarane uttrykte seg positivt til å utvide eigne kommunegrenser.
"Masfjorden kommune ynskjer sjølvsagt nye innbyggjarar velkommen til vår kommune, også når det gjeld ei evt. grensejustering som i dette tilfellet. Masfjorden kommune vil kunne ivareta innbyggjarane i desse to bygdene på ein god måte, både med tanke på oppvekstvilkåra, arbeidsplassar og helse- og omsorgstenester", står det i høyringsinnspelet.
Det blir mellom anna vist til at skuleelevar og barnehageborn kan få tilbod i Matre, "ca. 20-30 min. bussavstand" frå dei aktuelle bygdene.
Innbyggarane vil heller til Modalen
Men då Statsforvaltaren i forkant av høyringsrunden gjennomførte ei innbyggarundersøking i dei to Alver-bygdene, var det ikkje mange som svarte at dei helst vil til Masfjorden.
Statsforvaltaren prøvde å få tilbakemelding frå alle over 18 år som er busett i det aktuelle området, og fekk ein svarrespons på 63 prosent.
Undersøkinga viser at innbyggarane er delte i spørsmålet om kommunetilhøyrsle. 47 prosent meiner området framleis bør vere ein del av Alver kommune.
Av dei som meiner bygdene bør skifte kommunetilhøyrsle, ser eit massivt fleirtal mot Modalen. 48 prosent av dei som svarte på undersøkinga vil til Modalen, medan berre tre prosent vil til Masfjorden.
Dei siste to prosenta veit ikkje.
Med andre ord verkar sannsynlegheita for at Masfjorden kan få utvida sine kommunegrenser som låg, noko Masfjorden-politikarane også poengterte i høyringsuttalen sin.
Skilnad i alder og bygdetilhøyrsle
Sjølv om innbyggarane i Romarheim og Vikanes er delte på midten, er det store variasjonar knytt til alder og kva bygd dei spurde innbyggarane tilhøyrer. Av dei spurde som er over 60 år, meiner meir enn 60 prosent at bygdene bør tilhøyre Alver kommune.
Blant dei under 60 er det heilt motsett. Godt over 60 prosent av desse vil til ein annan kommune, hovudsakleg Modalen.
65 prosent av innbyggarane som har mest tilknyting til Romarheim vil ut av Alver kommune, medan eit stort fleirtal av innbyggarane som har mest tilknyting til Vikanes vil fortsette å vere ein del av Alver.
Dei som vil til Masfjorden, sjølv om det ikkje er snakk om eit stort antal, er i hovudsak innbyggarar i Romarheim under 40 år.
Modalen vil ha meir utgreiing
Også Modalen kommune har uttalt seg om saka, men dei seier førebels ikkje klart ja eller nei til Romarheim- og Vikanesinnbyggarane. Politikarane i Modalen vil ha meir informasjon på bordet.
"Faktagrunnlaget som ligg føre på det noverande tidspunkt er ikkje nok til å vurdere alle dei faglege og økonomiske konsekvensane av ei eventuell grensejustering for Modalen kommune sin del. Det vil vere viktig å ha eit godt beslutningsgrunnlag for å kunne fatte ein god beslutning", skriv dei i sin uttale.
Dei poengterer derimot at dei er positive til at det blir gjennomført ei "grundig utgreiing av konsekvensane ved ei eventuell grensejustering".
"Hovudargumentet for ei grensejustering må vere at det vert lagt til rette for ei løysing som styrkjer innbyggjarane sin lokale tilhørigheit og tenestekvalitet", skriv Modalen i høyringsinnspelet.
Skal drøftast i Alver
Saka skal også bli referert i fylkesutvalet i Vestland fylke i neste veke. Fylkesdirektøren meiner saka ikkje har "konsekvensar eller betydning for det fylkeskommunale tenestetilbodet eller anna form for regional utvikling", og føreslår difor å ikkje legge fram saka til noko form for fylkespolitisk behandling.
Politikarane i Alver kommune skal sjå nærare på saka torsdag i denne veka, men kommunedirektøren legg seg på linje med Modalen i si tilråding, nemleg at det er behov for eit større kunnskapsgrunnlag.
"Faktagrunnlaget som ligg føre på noverande tidspunkt gjer det umogleg å vurdere dei totale faglege og økonomiske konsekvensane av ei grensejustering for Alver kommune sin del. Alver kommune meiner at det bør gjennomførast ei grundigare konsekvensutgreiing, og dersom Statsforvaltaren tilrår grensejustering i si utgreiing til departementet", skriv kommunedirektøren i si tilråding.
Økonomiske konsekvensar
Det aktuelle området inneheld kring 125 innbyggarar. 17 av desse er i skule- eller barnehagealder. 36 innbyggarar er over 67 år.
Masfjorden kommune har i dag 1.681 innbyggarar. Dersom Romarheim og Vikanes skulle bli ein del av kommunen, betyr det ein vesentleg folkevekst, tilsvarande 7,3 prosent.
Det kan ha stor betydning for kommuneøkonomien.
Både politikarane i Modalen og kommunedirektøren i Alver uttrykker ønske om å vite meir om dei økonomiske konsekvensane/effektane ei grensejustering vil ha.
Fleire innbyggarar betyr både meir skatteinntekter og høgare statleg tilskot til kommunen. Samstundes betyr det at kommunen må levere offentlege tenester til fleire innbyggarar.
For dei fleste små kommunar er folkevekst ein nøkkel for å styrke den økonomiske berekraften, og i Masfjorden kommune har rådmannen i tidlegare politiske møte gjeve uttrykk for at kommunen risikerer å minske dei frie inntektene vesentleg dersom innbyggartalet går ned.
Kommunedirektøren i Alver har gjort ei grov utrekning av dei økonomiske konsekvensane, og kome fram til at det kan koste kommunen deira 18,5 millionar kroner i året i frie inntekter å miste dei to bygdene. Det blir samstundes presisert at dette er eit grovt anslag.
Kommunane vart bedne om å legge fakta på bordet
Denne utrekninga vart gjort i vår, i samband med arbeidet dei tre kommunane i lag gjorde med å framskaffe informasjon til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren bad nemleg kommunane sjølv om "å gjere greie for verknader av ei eventuell grensejustering". Det inkluderte økonomiske konsekvensar, samt informasjon mellom anna knytt til arbeidsplassar, reiseavstandar til kommunesenter, infrastruktur, areal og kommunale tilbod.
Kommunane gjorde eit arbeid i lag, og vidareformidla informasjon til Statsforvaltaren. Samstundes peikte kommunane på at deler av det Statsforvaltaren ville ha informasjon om var naturleg å hente andre stader. Dette gjaldt til dømes økonomiske konsekvensar knytt til frie inntekter, noko som også går igjen i høyringsinnspelet til Modalen og innspelsforslaget til kommunedirektøren i Alver.
"Kommunane sin vurdering er at statsforvaltaren er best egna til å berekna dei overordna økonomiske effektane", skreiv dei tre kommunane til Statsforvaltaren i vår.
Er Masfjorden eigentleg aktuell?
No gjenstår det å sjå kva Statsforvaltaren tilrår overfor kommunal- og distriktsdepartementet, og kva avgjerd departementet fell ned på.
I tillegg er spørsmålet om kommunane, ikkje minst Modalen, er fornøgde med kunnskapsgrunnlaget ei eventuell tilråding og avgjerd blir gjort på.
Det er ikkje unaturleg at Masfjorden kommune enklare kan stille seg positivt til å innlemme bygdene i sin kommune enn det Modalen kan, med tanke på at innbyggartalet i Modalen i så fall vil auke med kring 32 prosent.
Det betyr at det kan stå att nokre ubesvarte spørsmål på eit seinare tidspunkt i prosessen.
Viss Modalen ikkje vil ta imot innbyggarane, vil dei i Romarheim og Vikanes som ønsker å lausrive seg heller bli ein del av Masfjorden enn å forbli ein del av Alver?
Dersom det ikkje blir gått inn for grensejustering, vil det vere aktuelt med ein eigen prosess berre for Romarheim-delen av området, sidan det er store skilnadar i innbyggarundersøkinga avhengig av om ein har mest tilknyting til Romarheim eller Vikanes?
Sjølv om det ser lite sannsynleg ut at Masfjorden får utvida sine kommunegrenser, er det likevel spennande å følge prosessen vidare.
Statsforvaltaren har tidlegare meld at planen er å sende over saka og tilrådinga si til departementet i slutten av november. Fensfjorden har sendt ein førespurnad til Statsforvaltaren om kvar saka ligg i løypa, men har førebels ikkje fått svar.