No er den nye kommunedirektøren tilsett
Allereie på måndag har Britt Skaalevik Lerøy sin første dag på jobb som kommunedirektør i Austrheim kommune.


– Eg har beina på jorda, seier Britt Skaalevik Lerøy til Fensfjorden.
I august vart det kjent at tilsettingsutvalet plukka ho ut som sin føretrekte kandidat til å bli ny kommunedirektør i Austrheim. Den einaste formaliteten som mangla var at kommunestyret måtte gjere vedtak om tilsettinga.
Torsdag var kommunestyret samla for første gong etter sommaren, og som venta var det ingen som motsette seg tilsettinga. Den nye kommunedirektøren vart møtt med einstemmig applaus frå politikarane.
Skaalevik Lerøy startar no sitt virke som kommunens øvste administrative leiar allereie førstkomande måndag.
Takka for tilliten
I kommunestyret gjekk ho på talarstolen og takka politikarane for tilliten, og fortalde at ho gledde seg til å starte arbeidet.
– Det har vore ein prosess som det har vore spennande å vere med på, og eg er audmjuk i forhold til alle dei gode kandidatane som var med i utvelginga, sa ho.
Skaalevik Lerøy bur på Austrheim, og har dei siste 20 åra jobba i Helse Bergen som einingsleiar for matforsyning. Ho fortalde at det har vore ein jobb der ho har hatt mange medarbeidarar under seg og det har vore mykje pengar i omløp. Det betyr at ho har god erfaring med leiing og prosesstyring. Også økonomisk omstillingsarbeid forklarte ho at ho har erfaring med, eit arbeid Austrheim kommune står overfor.
– Det er viktig å kome ovanpå, og vi er nøydd til å klare å bygge disposisjonsfondet vårt slik at vi ikkje hindrar vidare utvikling, og klarar å ivareta dei utfordringane som måtte kome, sa ho.
Politisk bakgrunn
I oppstarten kjem ho til å bruke ein del tid på å bli kjent med kommuneorganisasjonen.
– Det er ein kompleks organisasjon og mykje å setje seg inn i, men eg tenker det skal gå greitt. Eg har tenkt å ta det steg for steg, seier ho til Fensfjorden.
I tillegg til leiarerfaringa har ho sjølv tidlegare vore politisk aktiv både i kommunestyret og kontrollutvalet, noko som kan vere fordelaktig i samspelet med dagens folkevalde.
Ho fortel at ho fått veldig mange positive reaksjonar frå folk etter at det vart kjent at ho skulle få jobben som kommunedirektør.
– Eg er heilt overvelda, avsluttar ho.
