No kan busette i fensfjordkommunane søka om sletting av studiegjeld
Regjeringa si mykje omtalte ordning med sletting av studiegjeld i distrikta trer no i kraft.


Det var mykje diskusjonar kring den nye ordninga i haust etter at regjeringa i sitt opphavelege forslag til statsbudsjett hadde redusert omfanget av ordninga kraftig.
For kommunane rundt Fensfjorden betydde endringane mellom anna at innbyggarane i Austrheim, som er vurdert som ein meir sentral kommune enn Fedje, Gulen og Masfjorden, ikkje lenger hadde høve til å få sletta deler av studiegjelda.
Men regjeringa snudde, og etter årsskiftet starta ordninga opp. Det betyr at alle som oppfyller vilkåra for å få sletta studiegjeld no kan søke om sletting.
Hovudvilkåra er at ein må vere busett og folkeregistrert i ein av dei gjeldande kommunane. Det inkluderer Austrheim, Gulen, Fedje og Masfjorden, men til dømes ikkje ein kommune som Alver.
I tillegg må ein ha vore busett i ein gjeldande kommune i minst tolv samanhengande månadar. Dette blir kalla “opptjeningsperioden”.
For å få tilgang på ordninga må ein vidare anten ha:
- arbeid i minst 50 prosent stilling.
- hatt fulltidsarbeid i minst seks månadar i opptjeningsperioden, og vore registrert som arbeidssøkar hos NAV den resterande tida.
- ha omsorg for barn født i 2016 eller seinare, eller ha “særleg tyngande omsorgsplikter i næraste familie”.
Viss ein har vore fulltidsstudent eller gjennomført førstegangsteneste i løpet av opptjeningsperioden, har ein ikkje krav på sletting av studiegjeld.
For å få sletta studiegjeld må ein søke hos Lånekassen, som administrerer ordninga. Viss ein oppfyller krava får ein sletta 25.000 kroner frå studiegjelda. Den nemnde “opptjeningsperioden” startar tidlegast 1. januar 2025, og ein må søke innan tre månadar frå den tolv månadar lange opptjeningsperioden er over for å få sletta gjeld for denne perioden.
Med andre ord må ein søke innan 1. april for å få fullt utbyte av ordninga dersom ein har vore busett i ein gjeldande kommune sidan 1. januar 2025 og oppfyller eit av dei andre vilkåra.