FENSFJORDEN
Publisert for tre dagar sidan|Nyheiter

Kommunen tar over planlegging av Masfjordsambandet

Masfjorden ønsker å bruke eigne ressursar og eiga tid på planlegging av Masfjordsambandet for å sikre framdrift i prosjektet. Tysdag sa fylkespolitikarane ja til ein avtale som legg vidare planlegging i henda til kommunen, med tilskot frå fylket.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 19.11.2025 11:00
Masfjordsambandet
SKISSE: Masfjorden kommune vil ha framdrift i arbeidet med Masfjordsambandet. (Illustrasjon: ABO Plan og Arkitektur)

Masfjorden kommune ønsker å sikre framdrift i arbeidet med Masfjordsambandet, altså brua som skal erstatte ferjesambandet Masfjordnes-Duesund, men i fylket sitt budsjett for 2025 er det ikkje sett av midlar til vidare planlegging.

Sidan dette er på fylkesvegnettet, er det Vestland fylke som er ansvarleg for prosjektet.

Men no skal kommunen sjølv få jobbe vidare med planlegging og utgreiing med tilskot frå fylket, i alle fall viss fylkesutvalet i neste veke stiller seg bak vedtaket som samferdselsutvalet gjorde tysdag i denne veka.

Spørsmål om momsrefusjon

Basert på eit vedtak i kommunestyret i Masfjorden i februar, sende kommunen ein førespurnad til fylket om å få utarbeidd ein avtale som inneber at kommunen tar over planleggingsarbeidet.

Samstundes var ønsket frå kommunen at fylket framleis står ansvarleg for utgreiingsarbeidet, slik at ein kan få momsrefusjon på utgiftene. Det får i utgangspunktet ikkje ein kommune som jobbar med eit fylkesvegprosjekt.

Forutan momskompensasjon legg Masfjorden sjølv til grunn at dei skal bruke eigne midlar på vidare planlegging av bruprosjektet. Kommunen har vedtatt å stille med 40 millionar kroner i eigenfinansiering av Masfjordsambandet, og ønsket er å bruke nokon av desse midlane til vidare planlegging.

Vidare utgreiing og planlegging kan til dømes innebere vurderingar av kostnadssparande tiltak, inkludert endring av brutype, samt omregulering av areal.

På grunn av juridiske årsakar, ser ikkje fylket at dei kan gå inn på ein avtale der fylket står som ansvarleg for arbeidet som kommunen skal utføre, slik at ein får momsrefusjon.

"Fylkesdirektøren legg til grunn at det er utfordrande for fylkeskommunen å inngå ei avtale med Masfjorden kommune som inneberer at fylkeskommunen skal stå formelt som kjøpar av konsulentbistand og som avtalepart, mens styringa av og betaling for arbeidet er lagt til kommunen. Dette vil i beste fall vere i grenseland juridisk, og framstår som ein ei omgåing av regelverket med sikte på å få kompenasjon for meirverdiavgift", skreiv fylkesdirektøren i saksutgreiinga til politikarane i samferdselsutvalet.

Samstundes blir det peika på at ei slik avtale kan kome i konflikt med rammeavtalar fylket har for liknande type arbeid.

Fylket gjev tilskot

I staden skal fylket gje tilskot til kommunen sitt arbeid. Tilskotet skal vere tilsvarande momsen, altså 25 prosent av dei vidare utgiftene Masfjorden har med planleggingsarbeidet.

Etter dialog mellom fylket og kommunen vart det utarbeidd eit avtaleutkast basert på desse føresetnadane.

Avtalen fylket og kommunen no vil gå inn på, gjeld fram til og med 2027, og fylket løyver inntil éin million i tilskot.

Det er dermed kommunen som skal styre utgreiingsarbeidet, men fylket skal bli involvert og få høve til å kome med innspel.

Fylkesdirektøren tilrådde nei, politikarane sa ja

Men fylkesdirektøren tilrådde heller ikkje ein slik tilskotsavtale, då saka var oppe til politisk behandling tysdag. Grunngjevinga var "ein pressa budsjettsituasjon, og at det kan gje presedens til andre kommunar som ønskjer å starte regulering på fylkesveg".

Fleirtalet av politikarane ville derimot noko anna. Høgre-politikar Kåre Martin Kleppe leverte eit forslag om å gjere eit vedtak som legg det tidlegare utarbeidde avtaleutkastet til grunn for det vidare planarbeidet med Masfjordsambandet.

Kleppe fortalde i møtet at han har fått signal om frustrasjon i Masfjorden etter at fylkesdirektøren si tilråding vart lansert. Kleppe viste til at mesteparten av saksutgreiinga er knytt til spørsmålet om momsrefusjon, eit spørsmål han meiner allereie i stor grad var avklart då avtaleutkastet knytt til tilskotsordninga vart utarbeidd. Kleppe viste også til at dette alternativet er lite omtalt i saksutgreiinga.

– Eg kan forstå frustrasjonen lokalt, viss det er tilfelle slik vi har fått det gjenfortalt, at her har fylket føreslått ein type avtale som kommunen har gått med på, men som ein i neste omgang knapt omtalar, sa Kleppe.

Forslaget hans fekk støtte frå dei fleste andre partia, inkludert Frp, Krf, Ap og Bergenslista. Alle desse ønskte også å vere med som forslagsstiller.

– Her er det ein kommune som ønsker å både legge pengar og arbeid inn i ein plan, og så er det eit lite tilskot frå fylket. Vi som fylke skal samarbeide med kommunane på ein god måte for å sjå kva vi kan få til i lag, kommenterte Trude Brosvik i KrF.

Forslaget vart vedtatt med 13 mot 2 røyster.