Ny helse- og velferdsplan skal ruste kommunen for framtidas utfordringar
Korleis skal Austrheim kommune møte framtidas helse- og velferdsutfordringar? Den nye temaplanen skal legge føringar for korleis kommunen skal jobbe strategisk for å sikre gode tenester.


"For å møte framtidas utfordringar og behov, er det avgjerande at helse- og
velferdstenestene endrar seg i takt med den demografiske utviklinga og
samfunnsendringane", står det i den nye helse- og velferdsplanen til Austrheim kommune.
Planen er framleis berre på forslagsstadiet, og skal drøftast vidare politisk i formannskapsmøtet i neste veke.
Når planen er endeleg vedtatt, skal den legge grunnlag for korleis kommunen skal arbeide med å møte "framtidas utfordringar og behov", og utfordringane kan bli store.
Aldrande befolkning
Det kjem ei ny eldrebølge. Store fødselstal etter 2. verdskrig førar i åra framover til ei demografisk utvikling der det blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder.
Det gjeld heile landet, og i høgaste grad Austrheim, som allereie har ein større andel eldre innbyggarar enn gjennomsnittet for resten av landet. Det førar til fleire som har behov for tenester frå kommunen.
Medan 2,12 prosent av innbyggarane på landsbasis har ein demenssjukdom, er andelen i Austrheim kommune på kring 2,75 prosent, og dette talet aukar raskt.
"Frå 2020 til 2025 har det vore ei auke på 19,57 % i talet på personar med demens i kommunen. Prognosane viser at denne utviklinga vil halde fram", står det i planen.
I 2030 er det venta at andelen med demens i kommunen vil vere 3,27 prosent, medan prognosane for 2050 tilseier ein andel på 4,29 prosent.
At det blir fleire eldre er i seg sjølv ikkje den utfordrande biten. Utfordringane kjem når andelen eldre aukar, i forhold til innbyggarar i arbeidsfør alder.
I planen er det skildra korleis framtida ser ut, basert på tilgjengelege prognosar:
"Talet på yrkesaktive per eldre over 80 år vil falle frå 10–12 i 2020 til berre 4 i 2050. Dette inneber færre til å finansiera og arbeide i tenestene. Kombinasjonen av fleire eldre og færre arbeidstakarar utgjer ei stor utfordring for berekrafta i velferdssystemet."
Også andre grupper aukar
Ein helse- og velferdsplan tar ikkje berre for seg eldreomsorg, men også andre kommunale helse- og velferdstenester. Blant tenestene knytt til psykisk helse og rus opplever kommunen ein stor auke i talet på brukarar.
Planen beskriv mellom anna følgande "utviklingstrekk" dei siste ti åra:
- Talet på brukarar av tenester innan psykisk helse og rus har dobla seg.
- 25 prosent av desse brukarane har kroniske psykiske helseutfordringar.
- Det er auke i psykiske helseplagar knytt til rusmisbruk.
- Fleire med "lette til moderate lidingar", til dømes angst og depresjon, søker hjelp.
- Kompleksitet i hjelpebehova har auka, mellom anna knytt til rus.