Ny rapport tilrår heving - lokale pådrivarar inviterer til folkemøte
Fredag kveld inviterer pådrivarar for heving av ubåten utanfor Fedje til folkemøte på Austrheim. Ein ny rapport støttar bodskapet til dei lokale røystene.


"Forsvarsmateriell fraråder alle alternativer for tildekking uten først å ha fjernet store og middels store eksplosiver fra vrakdelene", skriver Forsvarsmateriell i den nye, mykje omtalte rapporten om ubåten U-864 som ligg på havbotn utanfor Fedje.
Ubåten vart senka under 2. verdskrig, og etter at vraket, som inneheld beholdarar med store mengder kvikksølv, vart funne for drygt 20 år sidan, har det vore store diskusjonar om vraket skal hevast eller tildekkast.
Tilrår heving
I den nye rapporten, som i utgangspunktet ikkje vart gjort offentleg, tilrår Forsvarsmateriell heving av vraket. Det blir gjort på grunn av risikoen for at ladde torpedoar eller andre eksplosivar kan detonere.
"Alternativ 1 (tildekking av vrak med last og forurenset sjøbunn) fremstår som det alternativet hvor risikoen for detonasjoner fra store og middels eksplosiver er høyest med tanke på skade på miljøet ved spredning av kvikksølv. Dette omfatter alle former for tildekking", står det i rapporten.
Alternativ 2 er å heve kvikksølvet, og deretter dekke til resten av vraket, medan alternativ 3 er å heve både vrak og last. Det siste alternativet blir tilrådd av Forsvarsmateriell.
"Etter Forsvarsmateriells vurdering representerer alternativ 3 den eneste bærekraftige løsning, også i et evighetsperspektiv. Tilrådningen er basert på ammunisjonsfaglig og skrogteknisk grunnlag. Forsvarsmateriell anbefaler derfor at alternativ 3, heving av vrak med last og deretter tildekking av sjøbunn, iverksettes", står det i rapporten.
Vidare undersøkingar
Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Forsvarsdepartementet, og heng saman med eit oppdrag Kystverket har fått frå Nærings- og fiskeridepartementet om å gjere ei ny vurdering av om kva som bør gjerast med ubåtvraket.
Kystverket skriv i ei pressemelding at dei jobbar med med undersøkingar, som inneber tokt ned til vraket.
"Det er fortsatt usikkerhet knyttet til hvor mange beholdere (med kvikksølv, journ. merk.) som er igjen i vraket, hvor mye de inneholder og hvor i vraket de ligger. Derfor vil vi gjennomføre ett tokt til ned til vraket, for å verifisere innsamlede data så langt og prøve å ta opp et representativt antall kvikksølvbeholdere som kan undersøkes", skriv Kystverket.
Dei skal etter planen levere ein sluttrapport til departementet i løpet av neste år.
Folkemøte og underskriftskampanje
Heilt sidan vraket av ubåten vart funnen, har det vore eit stort lokalt engasjement for saka. Ikkje minst på Fedje, men også i resten av regionen. Mange har lengde kravd at ubåten må hevast.
No bles dei nye opplysningane om torpedoar og ammunisjon i vraket, og tilrådinga om heving, nytt liv i det lokale engasjementet. Dagen etter stortingsvalet var ei gruppe med lokale pådrivarar tilknytt Facebook-gruppa "Hev ubåten utenfor Fedje NÅ!" samla. Dei går under namnet Aksjonsgruppe Hev Ubåten utanfor Fedje, avd Radøy, og bodskapet er klart: Ubåten må hevast.
Dei vil vise politikarane på Stortinget at det lokale engasjementet langs heile vestlandskysten er sterkt.
Fredag kveld inviterer dei til ope folkemøte i Austrheim samfunnshus. Fedje-ordførar Stian Herøy leiar møtet, og øvst på gjestelista er stortingsrepresentant Kjersti Toppe, som offentleg har engasjert seg i ubåtsaka i samband med den nye rapporten. I tillegg kjem Inge Alver, Jan Jeger, Ruben Oddekalv, Anders Goksøy og Reidar Ulvøy, som alle jobbar med saka på ulike felt.
I tillegg til folkemøtet, har gruppa starta opp ein digital underskriftskampanje. Den har i løpet av første veka fått drygt 300 signaturer.
