Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

OPPDATERT: Torsdag gjekk kommunestyret inn for å sende planforslaget ut på høyring. Det vart utan endringar, men det vart varsla at nokon av partia kanskje vil kome med enkelte innspel sjølv, til dømes å tydeleggjere i planen at kommunen ikkje ønsker vindkraftutbygging i fjella. I tillegg vart høyringsfristen sett til 17. november, to veker etter den opphavelege fristen.
"Kommuneplanen sin samfunnsdel vil verta kommunen sitt overordna styringsdokument, som skal gje retninga for utviklinga av Masfjorden kommunen."
Slik beskriver kommuneadministrasjonen i Masfjorden den nye planen som kommunestyret skal sjå nærare på torsdag. Det er med andre ord eit viktig dokument, og den nye samfunnsplanen skal gjelde for dei neste tolv åra.
"Samfunnsplanen peikar på den retninga kommunen ønskjer å gå, korleis me skal realisera det me ønskjer og korleis me skal møta utfordringar", står det i innleiinga til planforslaget.
I tillegg har planen eit anna viktig føremål, nemleg å legge føringar for neste arealplan. Arealplanen er eit kart som viser kva areal i kommunen som kan nyttast til ulike føremål, som næring, industri og husbygging, og kva område som ikkje skal nyttast til utbygging.
Sjå rådmannen sine forslag til arealplanføringar lenger ned i saka.
Planforslaget politikarane no har fått i henda, har blitt utarbeidd av kommuneadministrasjonen gjennom det siste halvåret, og innbyggarane i kommunen har blitt involverte.
I mars vart det halde tre folkemøte rundt om i kommunen med opne drøftingar mellom innbyggarar og kommuneleiing. Det vart også invitert til dialogmøte med representantar frå lokale lag og organisasjonar.
I tillegg har næringslivet, eldrerådet, ungdomsrådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne blitt involverte. Det same har politikarane sjølve gjennom dei politiske møta det siste halve året.
Planforslaget er eit dokument på 27 sider som først seier litt om stoda i kommunen i dag når det til dømes gjeld folketalsutvikling, bustadbygging, samferdsel, infrastruktur og arbeidsmarknad.
Deretter kjem visjonane for korleis Masfjorden skal sjå ut om ti år. Det vert oppsummert i følgande punkt:
Etterkvart kjem dei litt meir konkrete tiltaka for korleis ein endar opp i denne situasjonen. Planforslaget legg mellom anna opp til at kommunen skal:
Dette er berre nokre av dei konkrete punkta. Alle punkta og heile planforslaget kan lesast på .
Noko av det viktigaste for å utvikle eit lokalsamfunn, er arealdelen av kommuneplanen. Den avgjer kva areal som kan nyttast til kva formål.
Samfunnsdelen inneheld føringar for korleis framtidig arealplanlegging skal vere.
Kommuneadministrasjonen føreslår mellom anna følgande punkt i planforslaget:
Det er politikarane som til sjuande og sist avgjer om dei vil følge administrasjonen sitt planforslag, eller gjere eigne endringar. Også lokale aktørar og innbyggarar har framleis moglegheit å seie sitt om planforslaget.
Etter planen skal forslaget leggast ut på høyring i torsdagens møte. Det er føreslått å sette frist for merknadar og innspel til 3. november.
I tillegg tilrår rådmannen at det blir arrangert minst eitt nytt folkemøte der planen kan presenterast og drøftast.
Eit endeleg planforslag kan dermed vere klart til endeleg vedtak i kommunestyret i desember.
I eit halvt år har kommuneadministrasjonen i Masfjorden jobba med den nye samfunnsplanen som har som hensikt å styre den vidare utviklinga av kommunen. Planen skal legge føringar for vidare samfunnsutvikling og arealplanlegging.
