FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan|Kultur

Nye artistslepp til Utkant

Festivalprogrammet er i ferd med å fyllast ut.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 25.02.2026 09:30
UTKANT
UTKANT: Stadig nye artistar blir lanserte til Utkant. Sist i rekka er D.D.E, Nico & Vinz og Gunn Kvaale. (Arkivfoto)

Leiinga i Utkant fortset å lansere artistar til sommarens festivalutgåve på Skjerjehamn.

Allereie i fjor sommar vart Kjartan Lauritzen lansert, og i starten av februar vart bookingane av Admiral P, Slomosa og Oddny presenterte.

No er tre nye grupper/artistar stadfesta klare. Dei tre er Gunn Kvaale, Nico & Vinz og D.D.E.

Medan Sogndal-artisten Gunn Kvaale har fått sitt gjennombrot dei siste to åra, har Nico & Vinz og D.D.E. vore etablerte stjernenamn gjennom mange år.

Nico & Vinz gjekk framleis under namnet Envy då dei slo gjennom i Norge, men dei skifta namn då låta “Am I Wrong” gjorde stor internasjonal suksess i 2014. Låta er framleis i dag blant dei norske låtane som har gjort det best internasjonalt.

Trønderrockarane i D.D.E. har derimot halde seg mest innanfor landegrensene, og har no halde musikken gåande i 35 år.

Dei nye artistsleppa gjer at festivalprogrammet, inkludert fleire headlinarar, er i ferd med å fyllast ut. Samstundes melder festivalleiinga at det snart kjem fleire artistslepp.