Ønsker søndagsope butikk på Fedje tidlegare på året
Matbutikken på Fedje kan i dag ha søndagsope frå 15. juni til 15. september, men ønsker no å kunne starte opp med søndagsope tidlegare på året. Viss lokalpolitikarane seier ja, er det opp til Statsforvaltaren å godkjenne søknaden.


Hamneområdet i Fedje er i dag definert som "typisk turiststad" i perioden 15. juni til 15. september. Det betyr at Matkroken på Fedje har lov til å ha søndagsope innanfor denne perioden, med bakgrunn i at det er eit viktig tiltak for turisme.
Det er Statsforvaltaren som godkjenner at kommunar, eller delar av ein kommune, får ein slik status, enten for heile eller deler av året.
Det var i 2018 at den gjeldande godkjenninga vart gjeve, og matbutikken kunne ha søndagsope i sommarmånadane.
No ønsker butikken å utvide denne ordninga til å gjelde frå 15. mars. Det blir grunngjeve med at turistsesongen på Fedje startar allereie i påskeveka.
Det er kommunen som må søke Statsforvaltaren om godkjenning, og formannskapet på Fedje skal ta stilling til saka i neste veke. Kommunedirektøren er positiv.
“Det er eit viktig tilbod til turistane at butikken har høve til å halde ope på helgedagar”, står det i saksutgreiinga.
Dersom politikarane også seier ja, blir det opp til Statsforvaltaren å avgjere om ordninga kan utvidast og butikken kan ha søndagsope allereie frå midten av mars.