Passasjerauke på Fedje og i Masfjorden, nedgang på Leirvåg-Sløvåg
Alle ferjesamband bortsett frå Leirvåg-Sløvåg har passasjerauke i 2025. Den største auka er mellom Masfjordnes og Duesund.


Statens Vegvesen sin ferjedatabank har publisert tala for ferjereisande i 2025. Statistikkane viser ei klar auke i ferjereisande i dei fire fensfjordkommunane, sjølv om det største fylkesvegsambandet, Leirvåg-Sløvåg, har ein nedgang i talet på reisande.
Stor auke på Fedje-sambandet
På sambandet mellom Fedje og Sævrøy vart det registrert 65.681 reisande i 2025. Det er drygt 2.500 meir enn året før, som tilsvarar ein prosentvis auke på 4,3 prosent.
Dei ferske tala stadfestar trenden med stor årleg vekst dei siste åra. Også frå 2023 til 2024 var det ein tilsvarande vekst på sambandet, og sidan 2022 har talet på reisande auka med 28,6 prosent fram til i dag. Samstundes er det verd å merke seg at ferja i 2023 vart gratis.
Den store auken frå 2024 til 2025 er i hovudsak knytt til sommar- og haustmånadane, men det har vore auke i reisande i ni av tolv månadar. Juli er den soleklart største månaden for reisande med Fedje-ferja. Det var fleire som reiste med ferja i denne månaden enn i januar og februar til saman.
Nedgang på Leirvåg-Sløvåg
På sambandet mellom Leirvåg og Sløvåg har det derimot vore nedgang i 2025. Det er registrert 244.977 reisande gjennom fjoråret, noko som er drygt 5.000 mindre enn året før.
Nedgangen er nokolunde jamn gjennom heile året, sjølv om det var registrert fleire reisande i desember i 2025 enn i 2024.
Sambandet har mykje næringstrafikk, men nedgangen er jamt fordelt mellom ordinære privatbilar og større lastebilar. Den einaste takstgruppa det ikkje har vore nedgang i er AP7, som er gruppa for køyretøy mellom 17.51 og 19.50 meter.
Masfjorden-sambandet aukar
Etter ein stor auke i reisande frå 2022 til 2023, som også her kan ha stor samanheng med innføringa av gratis ferje, vart det ein marginal nedgang på Masfjordnes-Duesund-sambandet frå 2023 til 2024.
Derimot har passasjertalet auka kraftig det siste året, frå 72.676 i 2024 til 80.529 i 2025.
Det er ein auke på 10,8 prosent.
August og september er dei to mest trafikkerte månadane, medan januar og februar er dei minst trafikkerte.

Fleire kryssar Sognefjorden
Også på europavegsambandet mellom Lavik og Oppedal var det ein markant auke i 2025, etter at talet på reisande stod nokonlunde i ro året før.
678.918 reisande er registrert på sambandet i 2025, drygt 19.000 meir enn i 2024.
Det er mykje sommartrafikk på dette sambandet, nesten tre gongar så mange reisande i juli som i januar. Samstundes har juli-trafikken minska litt samanlikna med 2024. Derimot er det auke både i juni og august.
Det andre ferjesambandet som delvis ligg i Gulen og kryssar Sognefjorden er Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella. Der er passasjerauka i 2025 på 4,2 prosent. 61.752 reisande er registrerte, samanlikna med 59.256 i 2024.
Det siste ferjesambandet i regionen er Hisarøy-Mjånes i Gulen. Også her er det auke i 2025, med 5.670 reisande samanlikna med 5.075 året før.