FENSFJORDEN
Publisert for 22 dagar sidan|Nyheiter

Peiker på fem tomtealternativ for Austrheim vgs-nybygg

Ein ny moglegheitsstudie har sett nærare på fem tomtealternativ for ny Austrheim vidaregåande skule. Austrheim-politikarane peikar på den gamle verftstomta der skulen har verkstadar i dag.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 30.10.2025 12:45
Illustrasjon av framtidig Austrheim vidaregåande skule.
NY VGS?: Ser Austrheim vgs slik ut i framtida? Arbeidet med å finne ut kvar det skal byggast nytt, er godt i gang. ((Illustrasjon Artec/Vestland fylke)

Framtida til Austrheim vidaregåande skule har blitt mykje diskutert dei siste åra, og skulen har vore truga av både nedlegging og reduksjon i linjer.

No startar derimot arbeidet med å bygge nytt.

Fylket har bestilt ein moglegheitsstudie som skal sjå på ulike alternativ for plassering av nytt skulebygg.

"Dagens skolebygg har lav standard og begrenset kapasitet, og det er behov for både opprusting og utvidelse. Formålet med studien har vært å identifisere hvilken tomt som best ivaretar krav til areal, funksjonalitet og fremtidig utvikling, samtidig som den skal støtte opp under ønsket stedsutvikling i Austrheim kommune", skriv konsulentselskapet Artec, som leverte studien frå seg i midten av oktober.

Moglegheitsstudien har blitt sendt ut til Austrheim kommune, som skal kome tilbake med si tilråding til kvar skulen skal plasserast.

Deretter skal saka leggast fram for fylkespolitisk handsaming i opplæringsutvalet 19. november, fylkesutvalet 25. november og fylkestinget 9. desember.

Fem alternativ

"Den nye skolen skal kombinere studieforberedende og yrkesfaglige utdanningsprogram, og det er et mål å etablere nærhet til kollektivtransport, idrettsanlegg og relevante opplæringsbedrifter", står det i innleiinga til studien.

Den nye skulen skal etter planen innehalde eit område for studieførebuande, eit område for yrkesfag, eit fellesområde og akvahall.

Moglegheitsstudien peiker på fem ulike tomtealternativ for eit nybygg:

  • Alternativ 1: Tomta der Austrheim vgs ligg plassert i dag, omtalt som "Eksisterande vgs". (Eigd av Vestland fylkeskomune)
  • Alternativ 2: Den gamle verftstomta i Mastrevikane der det i dag ligg verkstadar nytta av Austrheim vgs, omtalt som "Verftet". (Eigd av private)
  • Alternativ 3: Tomta kommuenehuset ligg på i dag, inkludert område både framfor og bak kommunehuset, omtalt som "Kommunehuset". (Eigd av Austrheim kommune)
  • Alternativ 4: Tomta nordaust for Austrheimhallen, omtalt som "Idrettstomta". (Eigd av private)
  • Alternativ 5: Næringstomt på Mongstad, omtalt som "Mongstadtomta". (Eigd av Austrheim kommune)

Her kjem bakgrunnen for dei fem ulike alternativa: (Artec si vurdering, og formannskapet si tilråding kjem nedst i saka)

Alternativ 1: "Eksisterande vgs"

Om det første alternativet, som er å plassere eit nybygg på same tomt som den vidaregåande skulen ligg i dag, står det følgande i moglegheitsstudien:

"Dagens bygningsmasse kan enten suppleres med nye volumer eller rives for å gi plass til nye bygg. Beliggenheten gir svært god tilgang til kollektivtransport, både buss og båt. Skolen ligger omtrent 950 meter fra idrettshallen, og like ved skolebygget ligger et verkstedsbygg som også leies ut til skolens bruk."

Lokaliseringsmessig blir dette vurdert som eit bra alternativ, og det blir peikt på fordelar ved at området er eigd av fylket, og at grunnarbeid er gjennomført på stort sett heile tomta.

Det betyr også lite konsekvensar knytt til naturinngrep.

Eit av spørsmåla som blir stilt, er om det eksisterande bygget skal bevarast, eller rivast.

"Dagens skolebygg har lav standard når det gjelder byggets helthetlig kvalitet", står det i studien.

Det blir difor presentert to ulike alternativ. Eit alternativ der eksisterande bygg blir bygd på, og eit alternativ med nedriving og komplett nybygg.

Ei av ulempene som blir trekt fram, er at byggeperioden vil gå negativt ut over skuledrifta. Det vil potensielt også krevje ei mellombels løysing fram til nybygget er klart.

Alternativ 1
UTVIDING: Slik kan eit alternativ med gjenbruk av eksisterande bygg sjå ut. Gult markerer dagens bygg og er tenkt som fellesareal. Blått er areal for studieførebuande, medan raudt er yrkesfag og grønt er akvahall. (Illustrasjon Artec/Vestland fylke)
Alternativ 1
RIVING OG NYBYGG: Slik kan sjå ut dersom dagens bygg blir fjerna. Gult område er tenkt som fellesareal. Blått er areal for studieførebuande, medan raudt er yrkesfag og grønt er akvahall. (Illustrasjon Artec/Vestland fylke)

Alternativ 2: "Verftet"

Dette er tomta til det gamle verftsområdet i Mastrevikane, som i dag er delvis brukt som verkstadområde for den vidaregåande skulen. I motsetnad til alternativ 1, er denne tomta privat eigd, og blir i dag leigd ut til skulen.

I likskap med alternativ 1, blir lokasjonen av denne tomta vurdert som god.

Verkstadbygga blir vurdert som i dårleg stand, men med ein "solid stål- og betongkonstruksjon".

"Eksisterende bygningsmasse kan enten rives, eller delvis gjenbrukes ved at bærende konstruksjoner inngår som skjelett i ny bebyggelse. Alternativt kan det bygges helt nytt på grunn av den dårlige tilstanden til eksisterende bygg."

Det blir ikkje peika på ulemper knytt til klima og naturinngrep, men det kan vere utfordringar med grunnforureining på området.

"Mest sannsynlig forurensing i grunn fra tidligere verft aktivitet", står det i studien.

Alternativ 2
VERFTET: Slik kan alternativ 2 sjå ut. Gult markerer dagens bygg og er tenkt som fellesareal. Blått er areal for studieførebuande, medan raudt er yrkesfag og grønt er akvahall. (Illustrasjon Artec/Vestland fylke)

Alternativ 3: "Kommunehuset"

"Tomt 3 omfatter en eventuell transformasjon av eksisterende kommunehus, med mulighet for supplering av volum innenfor gjeldende tomtegrenser. Bygget har god standard, men ligger i tilknytning til et offentlig parkareal. Tomten er trafikknær, men har en svært sentral beliggenhet med kort avstand til idrettsanlegg, kollektivtransport, butikker og øvrige skoler", står det i moglegheitsstudien.

Denne tomta inneheld både kommunehuset, sentrumsparken framfor kommunehuset og området bak kommunehuset, inkludert tusenårsstaden.

Dette blir vurdert som eit godt alternativ med tanke på lokalisering, men har noko ulempe med tanke på potensielt inngrep i det som er frittvaksande naturområde bak kommunehuset. I tillegg er området meir utsett for vegstøy enn til dømes alternativ 1 og 2.

Det blir stilt spørsmål ved om reguleringa av området i dag opnar for at arealet kan nyttast til undervisingsføremål. Viss nei, vil det i så fall kunne påverke framdrifta i prosjektet.

Det blir også peikt på ulemper ved at kommunen må ha nytt kommunehus, ikkje minst fordi huset allereie er relativt nytt og funksjonelt. Det kan vere mogleg å ha både skule og kommunehus på tomta.

Alternativ 3
VED KOMMUNEHUSET: Slik kan eit alternativ ved bruk av kommunehuset sjå ut. Gult markerer dagens bygg og er tenkt som fellesareal. Blått er areal for studieførebuande, medan raudt er yrkesfag og grønt er akvahall. Kommunehuset må i så fall finne seg ein ny plass. (Illustrasjon Artec/Vestland fylke)

Alternativ 4: "Idrettstomta"

Tomta, som ligg langs ved idrettshallen og parkeringsplassen, blir vurdert som eit godt plassert alternativ. Samstundes har det nokre klare ulemper. Tomta består av myrområde og kupert terreng, som vil krevje "omfattande grunnarbeid".

Tomta scorar høgt, altså negativt, på konsekvensar knytt til klima og natur. Dette kjem mellom anna av inngrep og graving i myr og inngrep i område med raudlista artar (fuglar).

I tillegg kan tomta by på reguleringsutfordringar sidan tomta inneheld våtmark og myr. At det blir bygd på myrområde aukar også risikoen for at det kjem lovverk som hindrar framtidig utbygging.

Tomta blir difor vurdert som lite egnet på ei rekke av faktorane det er sett på.

Alternativ 5: "Mongstadtomta"

Denne tomta ligg nord for mongstadkrysset, og blir vurdert som eit alternativ mellom anna fordi lokaliseringa kan opne for samarbeid med industrien på Mongstad. Sjølv om det ligg langt unna fasilitetane ved Mastrevikane/Årås, ligg tomta nær matbutikkar, og det kan søkast om bruk av Mongstadhallen.

Det er kommunen som eig tomta, som er planert og bearbeidd, og regulert til næringsføremål.

At grunnarbeidet allereie er gjort, gjer at tomta blir vurdert som gunstig med tanke på naturinngrep. Også storleiken på tomta blir peikt på som eit pluss.

Ein av dei største ulempene er støy frå hovudvegen. Elevar som kjem med skyssbåt frå Gulen og Solund vil også få lengre veg frå kai til skule. Infrastruktur er punktet som trekk mest ned, då det blir peikt på at bussrutene må endrast og at gang- og sykkelveg bør oppgraderast.

Det blir vurdert at tomta må omregulerast, men at det neppe vil bli ein for krevjande reguleringsprosess.

Konklusjon

Dei fem alternativa blir oppsummert slik:

  • "Tomt 1 har sentral beliggenhet, bidrar til god stedsutvikling, er regulert til undervisning og gir mulighet for gjenbruk av eksisterende bygg. Den ligger nær kollektivtilbud, men krever oppkjøp av deler av tomten fra kommunen og midlertidige løsninger for undervisning i byggeperioden som skaper risiko for kostnad og fremdrift."
  • "Tomt 2 er regulert til undervisning formål, bidrar til god stedsutvikling og ligger attraktivt til ved sjø. Eksisterende bærende struktur kan gjenbrukes. Utfordringene er behov for oppkjøp av tomten og midlertidige verkstedlokaler under byggefasen."
  • "Tomt 3 ligger sentralt med god tilgang til kollektivtransport, idrettshall og parkeringsfasiliteter med ladestasjoner. Den har stort areal og kan gi positiv stedsutvikling. Ulempene er krav om omregulering fra friområde, tilstedeværelse av kulturminne samt behov for alternativ plassering av kommunehuset om dette skal bli brukt som en del av skolen."
  • "Tomt 4 har gode grunnforhold og nærhet til idrettshall, men kommer ellers svakt ut på de fleste vurderingskriterier samtidig som tomten er privat og anbefales ikke for skoleformål eller generell byggeaktivitet."
  • "Tomt 5 (Mongstad) har gode arealer, er ferdig planert og ligger nær yrkesliv og idrettshall tilknyttet Equinor. Den krever omregulering og ligger langt unna båttransport, samtidig som etablering her kan svekke satsingen på Mastrevik som kommunesenter."

Moglegheitsstudien peiker dermed på alternativ 1 som det "samla sett" beste alternativet. Alternativ 2 er eit "godt alternativ". Alternativ 3 blir vurdert som gjennomførbart, medan alternativ 4 og 5 ikkje blir vurdert som gode val.

Politikarane skal tilrå tomteval

Politikarane i Austrheim har blitt bedd om å kome med si tilråding til tomteval. Torsdag skal kommunestyret vedta sitt innspel, men saka vart også diskutert i sist formannskapsmøte.

Der konkluderte politikarane samrøysta at alternativ 2 (Verftet), er beste løysing.

"Som det framgår av moglegheitsstudien skårar dette alternativet bra på ei rekkje viktige målepunkt, mellom anna god stadutvikling, og gjenbruk av deler av eksisterande bygningsmasse. I tillegg peikar moglegheitsstudien på at dette alternativet vil gje ein skule tett på sjøen, noko som er bra for ein utdanningsinstitusjon med linjer innan maritim næring og akvakultur", står det i saksprotokollen frå møtet.

Samstundes skal det jobbast vidare med argumentasjonen fram til kommunestyremøtet.

Vidare meiner formannskapet at alternativ 2 (Eksisterande vgs) er nest beste alternativ, medan tredjevalet er alternativ 5 (Mongstadtomta). Dei to siste alternativa er ikkje nemnd i formannskapet sitt vedtak.