Peiker ut tre innsatsområde for folkehelsa i Masfjorden
Folkehelsa i Masfjorden er "generelt god" konkluderer ein ny rapport, men kommunen må førebu seg for ei framtid med fleire eldre, og takle utfordringar knytt til psykisk helse og utanforskap hos barn og unge.


Masfjorden kommune har utarbeidd ei ny folkehelseoversikt, som vart presentert for politikarane før jul.
Den gjev eit bilete av korleis folkehelsesituasjonen er i Masfjorden.
Innleiingsvis konkluderer den ferske oversikta at “folkehelsa i Masfjorden er generelt god og på nivå med resten av landet”.
Men det er nokre funn som “krev strategisk innsats" vidare.
Hovudfunn
Oversikta viser til den varsla demografiske utviklinga som inneber at det blir ein større andel eldre innbyggarar i kommunen. Det er venta at talet på innbyggarar over 80 år vil nær doblast innan 2045.
Samstundes blir det peikt på enkelte utfordringar blant barn og unge.
“Samtidig ser vi teikn til at barn og unge i større grad strevar med psykiske og sosiale utfordringar, trass i høg trivsel og låg mobbing. Auka skjermbruk, mindre fysisk aktivitet og press frå sosiale medium påverkar livskvalitet og meistring”, står det i rapporten.
Mykje av dette er også nasjonale utfordringar, men det blir referert til UngData-undersøkinga frå 2024 som viser at fleire barn og unge i Masfjorden er plaga av einsemd samanlikna med landsgjennomsnittet.
28 prosent av elevane i ungdomsskulen melde i den undersøkinga at dei ofte kjenner seg einsame.
Men det blir også poengtert at “dei fleste barn og unge i Masfjorden har det bra, og graden av psykiske vanskar er om lag som elles i landet”.
Skal danna grunnlag for vidare arbeid
Kommunane er lovpålagde å utarbeide ei slik oversikt kvart fjerde år, og hensikta er å skape eit kunnskapsgrunnlag som skal legge føringar for kommunane sitt vidare arbeid med folkehelse i ulike planar og styringsdokument.
Det betyr mellom anna at når det blir utarbeidd nye kommuneplanar, som skal legge føresetnadane for politikarane sine prioriteringar, så skal folkehelseoversikta brukast som grunnlag for å utarbeide tiltak.
Helse- og omsorgssjef i Masfjorden, Oddvin Neset, forklarte for kommunestyret at folkehelseoversikta skal vere “plan- og styringsrelevant”, altså at oversikta skal brukast i det kommunale planarbeidet.
– Oversikta skal ikkje peike på alle tiltak, men vise til kor ein bør ha innsatsområda, sa helse- og omsorgsleiaren.
Tre hovudpunkt
Så kva er innsatsområda oversikta peiker på?
Det blir delt opp i tre hovudpunkt:
1. Tilrettelegging for eit “aldersvenleg” lokalsamfunn. Det inkluderer fleire tilrettelagde bustadar og bumiljø for eldre, og tiltak for tilrettelegge for frivillig innsats og deltaking.
2. Psykisk helse og sosial deltaking blant barn og unge. Det blir peikt på å videreutvikle satsing på tidleg og tverrfagleg innsats, og skape fleire møteplassar og lågterskel fritidstilbod.
3. Førebygge livstilssjukdomar. Det handlar om å samordne satsing på fysisk aktivitet og sunt kosthald i barnehagar, skular og nærmiljø, samarbeid om lågterskel aktivitetstilbod med frivilligheita og fokus på helsefremmande arbeidsliv og bustadmiljø.
Dette er dei tre områda rapporten meiner er dei viktigaste for kommunen å prioritere framover.
Rapporten er utarbeidd av ei tverrfagleg arbeidsgruppe som inkluderer helse- og omsorgsleiaren, kommuneoverlege, oppvekstleiar og andre relevante personar i kommunen.
Politisk innspel om miljøarbeidar
Politikarane vedtok at “folkehelseoversikta skal nyttast som grunnlag for planlegging og prioritering i kommunen”.
Venstre-politikar Tove Kristin Sleire Tistel kommenterte rapporten frå talarstolen.
– Det er tydeleg at tilstanden stort sett er veldig bra viss ein skal samanlikna seg med andre, men samtidig er det utviklingstrekk som viser at vi treng handling, sa ho.
Sleire Tistel kommenterte at ho ønsker at kommunen skal få ein miljøarbeidar på plass i oppvekstsektoren. Det forslaget vart nedstemt då kommunestyret vedtok budsjettet for komande år tidlegare i møtet.
– Det er behov for akkurat slike prioriteringar som vi har stemt ned i dag, sa ho.