Diskusjonar om nytt helse- og omsorgstun
I Austrheim blir det planlagt å bygge nytt helse- og omsorgstun, og det står mellom to ulike lokaliseringar. No ventar politikarane på eit "skisseprosjekt" frå konsulentselskapet Sweco, men politikarane er usikre på om dei får alle svara dei er ute etter der.


Austrheim kommune treng nytt omsorgssenter. Dagens sjukeheim, Nordliheimen, har "behov for endring av romfunksjonar, funksjonalitet, planløysing og krav til universell utforming", i følge ein tilstandsanalyse frå 2022.
Same år gjekk politikarane inn for å starte eit arbeid med å planlegge eit nytt helse- og omsorgstun.
Saka har sidan den gongen vore fleire gongar fram og tilbake mellom politikarane, kommuneadministrasjonen og innleigd konsulentselskap. Framleis har ikkje den mest sentrale avgjerda blitt tatt, nemleg kvar helse- og omsorgstunet skal byggast.
To alternativ
Det står per dags dato mellom to alternativ. Anten bygge nytt der Nordliheimen er plassert i dag, eller bygge nytt på nordaustsida av Austrheimhallen (omtalt som “tomt 5”).
Eit tredje alternativ ved å bygge helse- og omsorgstunet på tomta nord for Mastrevik torg, der brannstasjonen er plassert, var lenge aktuelt, men vart nedrøysta i kommunestyremøtet 1. oktober i fjor.
I det kommunestyremøtet vart det i staden gjort vedtak om å starte opp “skisseprosjekt” for dei to gjenverande alternativa.
Det er det politiske levekårsutvalet som har blitt utpeikt som styringsgruppe for arbeidet med helse- og omsorgstun, og 3. november fekk dei ei løypemelding frå Sweco, som er konsulentselskapet som skal utarbeide skisseprosjektet.
I løypemeldinga oppsummerte dei kort at tomta ved Austrheimhallen vil gje meir fleksibilitet, men meir naturinngrep, samanlikna med å bygge på same tomt som sjukeheimen er plassert i dag. Samstundes gjev dagens plassering potensielt moglegheiter for å gjenbruke delar av bygningsmassen.
Men politikarane i levekårsutvalet/styringsgruppa sat att med mange spørsmål då dei skulle diskutere vegen vidare i eit nytt møte 1. desember. Då var dei samla for å vedta ei tilråding før ei endeleg handsaming i kommunestyretmøtet 11. desember.
Gode nok utgreiingar?
Usikkerheitane til levekårspolitikarane handla mellom anna om kostnadsbiletet for dei to ulike alternativa. Det vart også stilt spørsmål om utforminga av eit nybygg ved Austrheimhallen, særleg knytt til kor mange etasjar ein skal bygge. Medan fleire politikarar tidlegare hovudsakleg har peikt på nybygg på eitt plan, presenterte Sweco skisser med nybygg på to plan.
Politikarane ynskte også betre svar på om det er mogleg å kombinere bygging av nytt omsorgssenter der Nordliheimen ligg i dag, med drift av Nordliheimen i byggeperioden.
Generelt sett var politikarane usikre på om dei kom til å få dei svara dei var ute etter gjennom det pågåande skisseprosjektet, eller om dei skulle sende ei oppdatert bestilling til konsulentselskapet.
Levekårsutvalet kom til slutt fram til eit vedtak. Dei ville gå inn for å be Sweco om: