Ny rapport om aktivitetsanlegg for Gulen og Masfjorden
Gjennom fylket si “nyskapande aktivitetsanlegg”-ordning har Gulen og Masfjorden fått overlevert ein moglegheitsstudie som skisserer eit stort interkommunalt aktivitetsanlegg med idrettshall, klatrevegg, basseng og styrkerom, samt lokale for kultur og andre aktivitetar. Tilrådd plassering er Dalsøyra.


Både i Gulen og Masfjorden har det over lang tid blitt peikt på store behov for å etablere fleirbrukshall, svømmebasseng og anlegg for kulturaktivitetar. Det er ønske om å skape nye møteplassar og legge betre til rette for organisasjonslivet i kommunane.
Gulen og Masfjorden har difor i lag tatt del i Vestland fylke si ordning knytt til “nyskapande aktivitetsanlegg”. Dette er eit prosjekt der kommunar kan få hjelp og støtte frå fylket til å planlegge slike nye anlegg.
I fjor vår vart det kjent at Gulen og Masfjorden sitt prosjekt vart inkludert i den neste fasen i ordninga. Denne fasen inneber at fylket leiger inn eit arkitektfirma til å utarbeide ein moglegheitsstudie som skal sjå nærare på kva moglegheiter som som finst i eit slikt aktivitetsanlegg, samt gjennomføre ein medverknadsprosess for å få kunnskap om dei lokale ønska og behova.
I løpet av det siste halve året har dette arbeidet blitt gjennomført, og no har kommunane fått oversendt den ferdige rapporten.
Innhaldsrikt anlegg
Det er arkitektfirmaet 3RW som har utført arbeidet, og dei har skissert eit nytt anlegg fullt av ulikt innhald.
Dei deler anlegget opp i fire ulike delar, som også er gjenspegla i kvart sitt byggetrinn. Dette er følgande:
- Byggetrinn 1: Fellesskap og helse - Dette inkluderer mellom anna inngangsparti og mingleområde, kjøkken og resepsjon, allrom, helsekontor, styrkerom og sauna med tilhøyrande garderober.
- Byggetrinn 2: Idrettshall - Normalhall med garderobar og lagerrom, samt klatrevegg i eine enda av hallen.
- Byggetrinn 3: Kultur - Inneheld kultursal med scene, selskapslokale, øvingsrom, verkstad og fleksible rom som til dømes kan nyttast av ungdomsklubb.
- Byggetrinn 4: Svømmehall - 8x12,5 meters terapi-/opplæringsbasseng med garderobar.
Tydelege behov
I innleiinga til rapporten skriv 3RW at kommunane i dag har store manglar knytt til innandørs idrettsarealer og fasilitetar til svømmeopplæring. I tillegg peikar dei på mangelen på møteplassar og sosiale arenaer.
“Generelt spiller hele befolkningen, både eldre og yngre, inn at de mangler sosiale møteplasser. Å skape en møteplass der aktiviteter foregår parallelt, der generasjonene samles, der familien kan gjøre ting sammen eller delta på ulike ting når en likevel kjører er mangelvare. Foreldre venter i bilen når poden er på trening. Mange eldre og ungdom sitter hjemme alene og er ensomme fordi det ikke finnes tilbud de ønsker å være med på. Sosiale møtesteder vil legge til rette for naturlig integrering av kommunenes mange flyktninger”, skriv arkitektfirmaet.
Gjennom medverknadsrunden der det har blitt samla inn innspel frå lokale krefter, viser 3RW til at idrettshall og basseng er dei to høgast prioriterte behova, tett følgd av ønsket om nye møteplassar.
Peikar på Dalsøyra
Det er to lokaliseringsalternativ som har blitt peikt ut i kommunane sitt forarbeid. Anten Sløvåg eller Dalsøyra.
3RW har gjort ei vurdering av begge alternativa, og tilrår Dalsøyra som lokasjon.
Dei meiner at “lokalisering i Dalsøyra er det klart mest gunstige med tanke på å få mest mulig effekt og bruk ut av anlegget”, og viser mellom anna til nærleik til skule og eksisterande helsefunksjonar, nærleik til natur og etablerte uteområde og satsing på Dalsøyra som senterområde.

Plasseringa på Dalsøyra er tenkt ved sidan av skulen, og 3RW si skisserte løysing inneber at ein brukar det eksisterande gymsalbygget til byggetrinn 3 (kultur).

Samstundes blir det peikt på at Sløvåg-alternativet potensielt kan vere økonomisk gunstig med tanke på støtte frå lokale næringsaktørar, men dette er ikkje vektlagt i 3RW si tilråding.
Masfjorden med parallelt fleirbrukshall-løp
Det er ei arbeidsgruppe på tvers av dei to kommunane som har jobba med forarbeidet og søknaden til fylket om å få vere ein del av aktivitetsanlegg-ordninga. Prosjektet blir av arbeidsgruppa omtalt som eit “interkommunalt anlegg”.
Samstundes blir det vist til at prosjektet må sjåast i samanheng med Masfjorden sitt eige prosjekt knytt til ny fleirbrukshall på Hosteland.
Masfjorden kommune er nemleg kome eit godt stykke på veg i dette arbeidet. I haust leverte Sweco eit forprosjekt knytt til ny fleirbrukshall til kommunen.
Eit forprosjekt er eit steg vidare frå ein moglegheitsstudie, og inneheld mellom anna ein grovt estimert kostnad for byggeprosjektet.
Masfjorden sin fleirbrukshall er planlagd bygd ved Nordbygda skule, men eksakt plassering er framleis ikkje avklart.
Sweco sitt kostnadsestimat er at ein fleirbrukshall med garderobar, skytebane, café og kulturskulerom (byggetrinn 1), samt oppgradering av uteområde, vil koste ca. 75 millionar kroner.
Deretter legg dei opp til to potensielle utvidingar av anlegget. Byggetrinn 2, som inneber klatrevegg, styrkerom og lokale for ungdomsklubb, vil koste knappe 10 millionar ekstra.
Byggetrinn 3 inneheld ein basishall og verkstad, og vil koste 20 millionar ekstra.
Sweco viser til at estimata inneber eit tilrådd risikopåslag på 15 prosent, og at det framleis er usikkerheit knytt til faktorar som grunnforhold som kan påverka kostnadsbiletet.
Masfjorden kommune jobbar no med ei reguleringsendring av området for å tilrettelegge for ny fleirbrukshall.
3RW sin moglegheitsstudie for anlegget på Dalsøyra legg ikkje vekt på Masfjorden sitt arbeid med hall på Hosteland, men nemnar at det i medverknadsrunden har kome innspel om at dei to prosjekta må “utfylle kvarandre”, og ikkje konkurrere.
Lokalpolitikken rullar i gang
Torsdag i denne veka skal formannskapet i Gulen samlast for første gong sidan desember, og får dermed første sjanse til å diskutere den nye rapporten frå 3RW.
Det er førebels ikkje lagt opp til at politikarane i dette møtet skal gjere noko vedtak om vegen vidare for prosjektet.
Politikarane i Masfjorden skal ha sitt første møte for året i neste veke.