Reddar ikkje påbygg, men startar nytt tilbod i lag med næringslivet
Fleirtalet i opplæringsutvalet vil ikkje vidareføre påbygg-linja ved Austrheim VGS. Derimot går politikarane inn for å opprette eit nytt overflateteknikk-tilbod, som skal samfinansierast av næringslivet.


Gleda var stor for Austrheim vidaregåande skule etter at fleire nye klassar vart oppretta like før skulestart i år. Bakgrunnen var dei høge søkartala i fylket.
Dei tre nye klassane vart oppretta innan teknologi- og industrifag og bygg og anleggsteknikk, i tillegg til at skulen fekk tilbake ein VG3 påbygg-klasse. Samstundes vart det ikkje starta opp VG2 køyretøy ettersom det var for få søkarar til dette tilbodet.
No ligg det an til nye endringar etter at politikarane i hovudutvalet for opplæring og kompetanse i fylket onsdag gjorde sitt vedtak til kva tilbod som skal lysast ut for skuleåret 2026/27.
- Påbygg-tilbodet blir ikkje vidareført.
- Den ekstra bygg og anleggsteknikk-klassen som vart oppretta i sommar forsvinn.
- Køyretøy-linja blir lyst ut som eit tilbod.
- Det blir oppretta eit nytt tilbod for VG2 overflateteknikk i samarbeid med lokalt næringsliv.
Når det gjeld parallellklassar blir det spesifisert at søkartal skal spele ei rolle før det blir gjort konkrete endringar.
Næringslivet sponsar nytt tilbod
Overflateteknikk blir eit heilt nytt tilbod på skulen, og skal opprettast i samarbeid med lokalt næringsliv.
Dei to bedriftene Beerenberg AS og Linjebygg AS har ikkje berre stilt seg positive til oppretting av linja, men også ytra ønske om å medfinansiere tilbodet.
"Tilgangen på kvalifiserte fagarbeidere er avgjørende for vår virksomhet, og vi ønsker derfor å signalisere en klar intensjon om å bidra aktivt til realiseringen av dette utdanningstilbudet", skriv dei to bedriftane til fylket.
Det inneber at dei bidrar økonomisk. Dei varslar også at dei kan tilby over ti lærlingplassar.
Opprettinga var likevel ikkje ein del av tilrådinga til fylkesdirektøren, då saka vart lagt fram for opplæringsutvalet.
Fylkesdirektøren skriv i sine vurderingar til den politiske behandlinga at innspelet frå næringsaktørane kom etter at innstillinga var klar, og at det ikkje har vore "høve til å gjere ei forsvarleg vurdering av innspelet og initiativet". Det vart peikt på at oppretting av eit nytt tilbod bør gjerast i ei eiga sak.
Politikarane gjekk likevel inn for oppstart i denne saka.
"Austrheim vidaregåande ønsker å starte opp VG2 overflateteknikk. Lokale bedrifter støtter desse planane, og hovudutvalet registrerer at bedriftene sjølv ønsker å bidra med lærlingplassar og finansiering av tilbodet. Utvalet er positiv til denne type samarbeid, og lyser ut tilbodet for skuleåret 26/27", står det i det politiske vedtaket.
Det var fleirtalspartia Ap, Sp, SV, KrF og Venstre som la fram dette forslaget, som til slutt fekk fleirtal, men også dei andre partia hadde forslag som innebar oppretting av tilbodet.
Dermed skal administrasjonen gå i gang med å utarbeide ein samarbeidsavtale med skulen og bedriftane for å få tilbodet på beina. At avtalen kjem på plass, at det er gode nok søkartal og at skulen har verkstadskapasitet blir sett som vilkår for at linja blir starta opp neste haust.
Påbygg forsvinn
Fleirtalet i opplæringsutvalet gjekk ikkje inn for å redde påbygg-linja på Austrheim.
Ein del av diskusjonane i møtet handla om prinsipielle spørsmål knytt til påbygg-tilbodet i fylket. Mange politikarar er uroa for at det er mange elevar som vil ta påbygg etter to år med yrkesfag, og at det gjer at færre tar fagbrev.
"Det har vore ei utfordring for fleire fagområde som har behov for fagarbeidarar, at så mange går over på påbygg etter VG1 og VG2 på yrkesfag. Hovudutvalet for opplæring og kompetanse ønsker å gjere tiltak for dei som skal gå vidare som lærlingar og ta fagbrev. For å oppnå dette kan det vere aktuelt å vurdere ei viss avgrensing av påbyggstilbodet slik at fleire blir motiverte til å velge yrkesfaglege løp", stod det i fleirtalet sitt vedtaksframlegg.
Ikkje alle var einige i fleirtalet sine vurderingar. Frå både Raudt og Høgre kom det eigne forslag som innebar å behalde påbygg ved Austrheim VGS.
Raudt-politikar Jeanette Onarheim Syversen peikte på innspela som har kome frå skulen sjølv.
Austrheim VGS skriv følgande om påbygg:
"Vg3 påbygg til generell studiespesialisering vart teke vekk frå Austrheim vgs skuleåret 2024-25. Sommaren 2025 vart det gjenoppretta ei 3PÅ klasse på Austrheim vgs, noko skulen var positiv til, sjølv om det ikkje var ideell timing. Tilbodet var ikkje søkbart våren 2025, noko som resulterte i at klassen i utgangspunktet vart ei oppsamling av elevar som ikkje kom inn på andre skular. Ein del av dei som opphaveleg var tatt inn hadde for lang reiseveg, og klassen er 16 elevar. Dersom tilbodet hadde vore søkbart, og vore ein halv klasse 3PÅ og ein halv klasse 4PÅ (teknisk innretning som ikkje gir auka kostnader), ville talet på elevar vore langt fleire. Med fleire vg2 klassar vil også internrekrutteringa bli større."
Ulempa til skulen er derimot at fylket i fjor haust vedtok ein plan om heilskapleg tilbodsstruktur i fylket, der påbygg ved Austrheim VGS ikkje er med.
Politikarane fekk høve til å stemme for å behalde påbyggsklassen som eit eige tilleggspunkt til vedtaket frå fleirtalspartia, men dette fekk berre støtte frå Raudt og ein uavhengig kandidat.