FENSFJORDEN
Publisert for omtrent en måned siden|Nyheiter

Reddar køyretøy-linje på Austrheim VGS

Utdanningspolitikarane i fylket måtte kallast inn til ekstramøte for å handtere stor auke i søkarar med rett til vidaregåande opplæring. Samstundes føreslo fylkesdirektøren å kutte køyretøy-linja på Austrheim vidaregåande på grunn av låge søkartal. Det gjekk ikkje politikarane med på.

Øyvind Bjerkestrand
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 21.07.2025 13:00
Austrheim VGS
SKULE: Fylkespolitikarane vil ikkje stoppe inntaket til vg2 køyretøy-tilbodet på Austrheim VGS.

Normalt sett er juli ferietid for fylkespolitikarane, men i sist veke vart hovudutval for opplæring og kompetanse samla for å ta stilling til endringar i det vidaregåande opplæringstilbodet etter stor auke i søkarar med ungdomsrett, altså søkarar som har lovpålagt rett til å få studieplass. For å sikre plass til alle gjev politikarane fylkesdirektøren fullmakt til å opprette inntil 18 nye klassar.

Søkerauka gjeld i hovudsak for inntaksområdet Stor-Bergen, som inkluderer kommunane Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden.
I andre delar av fylket er det derimot meir utfordrande å fylle opp enkelte klassar. Førsteinntaket til ti klassar rundt om i Vestland vart sett på pause av fylkesdirektøren, med vidare forslag til politikarane om at inntaket ikkje blir gjennomført i det heile tatt ved fem av klassane. Dette inkluderte vg2 køyretøy på Austrheim VGS.

Søkarane til desse tilboda har anten blitt tatt inn på ein skule som har utdanningsprogrammet eller ikkje fått svar på søknad om plass i førsteinntaket. Direktøren har vore i kontakt med søkarane til tilboda som vart pausa før førsteinntaket og informert om bakgrunn og vidare prosess", skriv fylkesdirektøren i saksutgreiinga.

Politikarane ville det derimot annleis. Dei gjekk inn for å starte opp inntaket på alle klassar som vart pausa av fylkesdirektøren. Politikarane var heller ikkje særleg nøgd med at inntaket vart sett på pause i første omgang.

"Å pause inntak på denne måten var særs uheldig og skapte uro for både elevar og tilsette", står det i vedtaket frå utvalsmøtet.

Før endeleg inntaksvedtak blir sendt ut, skal det no gjennomførast eit prøveinntak. Dersom nokon av klassane berre blir beståande av ein eller to elevar, skal det ikkje sendast ut tilbod om plass.

Marcus Askildsen i Vestland ungdomsutval var på plass i utvalsmøtet for å fremme ungdomane sitt syn på saka. Hans meining var tydeleg:

– Vi i ungdomsutvalet ønsker å løfte fram kva denne saka faktisk betyr for ungdom i fylket. Når utdanningstilboda blir tatt bort frå distrikta, er det ikkje berre linjene som forsvinn, men det er også moglegheitane som forsvinn for ungdom som bur der. Ein må kunne gå på skule der ein bur, og kunne følge draumen sin utan å flytte vekk frå familie og vener. Det handlar om å ha eit reelt val, sa han.