Reduserer makstalet på kommunale lærlingar
Austrheim kommune vil satse vidare på eigne lærlingar, men reduserer makstalet på grunn av den stramme kommuneøkonomien og for å sikre “forsvarleg kvalitet i opplæringa” og “redusert belastning på fagpersonell”.


Austrheim-politikarane gjekk i kommunestyremøtet torsdag inn for å redusere makstalet på lærlingar innanfor kommuneorganisasjonen. Frå no av inneber kommunen si lærlingordning at det maksimalt skal takast inn fire “ordinære” lærlingar i året. I tillegg kan det takast inn to årlege TAF-lærlingar.
“I ein situasjon med stram kommuneøkonomi er det nødvendig å vurdere omfanget av ordninga ut frå samla ressursbruk”, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga til politikarane.
Saka var først innom administrasjonsutvalet, eit organ beståande både av politikarar og arbeidstakarrepresentantar, og deretter kommunestyret som gjorde endeleg vedtak.
Politikarane støtta tilrådinga frå kommunedirektøren om å redusere talet på lærlingplassar.
13 lærlingar i dag
Frå Austrheim kommune får Fensfjorden opplyst at kommunen i dag har elleve ordinære lærlingar, samt to TAF-elevar.
Kommunen er godkjend som lærlingbedrift i fem fag:
- Byggdriftfaget
- Ernæringskokkfaget
- Service- og ungdomsfagarbeidarfaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Helsefagarbeidarfaget
Av dei 11 ordinære lærlingane er det åtte helsefaglærlingar. To er er barne- og ungdomslærlingar, medan den siste er i service- og ungdomsfaget.
Sjølv om det nye vedtaket legg opp til ein reduksjon i lærlingar, er ikkje nødvendigvis reduksjonen så stor. Talet på lærlingar i kommunen varierer frå år til år, og i 2025 vart det tatt inn fire lærlingar og éin TAF-elev.
Gjekk for auke i 2022
Dagens lærlingsatsing er basert på ein vedtatt plan frå 2022. Den gongen gjekk politikarane inn for å auke talet på kommunale lærlingar. Argumentet var at det skulle “bidra positivt til å møte utfordringar”.
Planen frå 2022 hadde som mål å mellom anna bidra til å:
- “møte auka omsorgsbehov, særleg for aldersgruppa 80+”.
- “skape meir lokal tilknyting og byggje attraktivt omdømme”.
- “utdanne til yrke som er etterspurt for Austrheim kommune”.
- “få inn underrepresenterte kjønn på dei ulike fagområda”.
Auke i lærlingplassar var eit av tiltaka for å oppnå dette.
Fordelar og ulemper
I saksutgreiinga til politikarane skriv kommunedirektøren at lærlingordninga har bidratt positivt, mellom anna med tanke på rekruttering av framtidige medarbeidarar og styrka fagmiljø.
Det betyr at satsing på lærlingar også kan løna seg reint økonomisk på sikt.
“På lengre sikt kan lærlingar gi økonomisk gevinst ved at kommunen får tilgang på fagarbeidarar som kan gå inn i faste stillingar utan omfattande rekrutteringsprosessar. Dette kan redusere behovet for innleige, vikarbruk og ekstern rekruttering, som ofte er kostnadskrevjande”, skriv kommunedirektøren.
Likevel blir det vurdert til at kommunen bør redusere talet på lærlingar gjeve den økonomiske situasjonen kommunen no står i.
Sjølv om kommunen mottar lærlingtilskot som delvis dekkar opplæringskostnadar, peikar kommunedirektøren på at lærlingane fører til auka kostnadar til mellom anna løn og kursing. I tillegg blir det vist til kostnadar knytt til opplæring.
For høgt opplæringspress kan også gå ut over kvaliteten.
“Rettleiing tek tid frå instruktørar og fagpersonell, som i mange einingar har ein pressa arbeidskvardag. Dersom talet på lærlingar blir for høgt, kan dette gå utover kvaliteten på opplæringa og lærlingane sitt læringsutbytte”, skriv kommunedirektøren.
Dette kan også slå negativt ut for dei tilsette.
“I sektorar med høgt arbeidspress, særleg innan helse og omsorg, kan det vere krevjande å kombinere ordinær drift med opplæringsansvar. Dersom lærlingordninga ikkje er tilpassa kapasiteten, kan dette påverke arbeidsmiljøet negativt og føre til auka belastning på tilsette”, skriv kommunedirektøren.
Kommunedirektøren oppsummerer vurderinga si med at ein reduksjon i talet på lærlingar kan sikre:
• “forsvarleg kvalitet i opplæringa”.
• “betre oppfølging av kvar lærling”.
• “redusert belastning på fagpersonell”.
• “berekraftig ressursbruk”.
• “samsvar med framtidig rekrutteringsbehov”.
Det er kommuneadministrasjonen som styrer inntaket av nye lærlingar, og kvar dei skal plasserast. Det skal vurderast mot “kapasitet, rettleiingsressursar og kommunen sitt rekrutteringsbehov”.
Etter to år skal ordninga evaluerast.