Reverserer gjeldssletteordning og gratis ferje
Etter intenst press snur Arbeidarpartiet i sakene om gratis ferje og nedsletting av studiegjeld. Det påverkar kommunane rundt Fensfjorden.


Det har vore sterkt press retta mot stortingsgruppa til Arbeidarpartiet, etter at dei i sitt forslag til statsbudsjett fjerna ordninga med gratis ferje på mindre samband og samband til lokalsamfunn utan fastlandstilknytting, og reduserte ordninga med sletting av studiegjeld til innbyggarar i distriktskommunar.
I statsbudsjettforslaget ville gjeldssletteordninga no berre gjelde kommunar i sentralitetssone 6, og ikkje i sone 5 som opphaveleg var planen med ordninga. Medan både Gulen, Masfjorden og Fedje ligg i sone 6, ligg Austrheim i sone 5 og fell dermed ut av ordninga.
I tillegg endra dei på tidsaspektet kring gjeldsslettinga. I den opphavelege ordninga kunne ein få nedbetalt 25.000 kroner i året fram til gjelda var nedbetalt, men i statsbudsjettforslaget var dette redusert til maks tre år.
Slutt på gratis ferjer ville råka fleire samband i regionen, inkludert Masfjordnes-Duesund, Fedje-Sævrøy og Rutledal-Rysjedalsvika-Krakhella.
Innhaldet i statsbudsjettet skapte ekstra sterke reaksjonar då det kom fram at fleire Ap-politikarar har fronta desse sakene i valkampen. Senterpartiet stilte ultimatum om at dei ikkje ville gå i budsjettforhandlingar med Ap dersom ikkje desse punkta vart reverserte.
Tysdag kalla Ap inn til pressetreff, og orienterte om at dei gjekk tilbake på dei to sakene. Dei vil gå inn for å behalde gratis ferje-ordninga, og oppretthalde sletting av studiegjeld til innbyggarar i sone 5-kommunar, inkludert Austrheim. Dei gjer også om slik at ordninga gjeld til studiegjeld er nedbetalt.
– Arbeidarpartiet har kome med to løfte i valkampen som ikkje vart følgd opp i budsjettforslaget, sa partiets finanspolitiske talsperson Tuva Moflag på pressetreffet tysdag.
Ho orienterte pressa om partiet no går tilbake på dei to sakene. Det kjem både etter press frå andre parti, og etter press frå eigne lokalpolitikarar frå distrikta.
– Vi skal halde det vi lovar, sa ho vidare.