Loading
Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev

Det viser dei førebelse tala frå aksjonen, som vart gjennomført søndag. Det er framleis mogleg å gje pengar, og vi tar førehald om at det framleis kan kome endringar og bli lagt til nye gjevarar.
Tala er lagt ut på sida .
Frå Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje har det til no blitt samla inn kring 465.000 kroner. Pengane går i år til Atlas-alliansen, og deira arbeid for menneske med funksjonsnedsetting som lever i område med krig og fattigdom.
Slik er fordelinga blant dei fire fensfjordkommunane:
Gjevargleda i alle dei fire kommunane er større enn for gjennomsnittet av resten av landet. Landssnittet er førebels på 43,64 kroner per innbyggar.
Både kommunar, innbyggarar, næringsliv og andre organisasjonar har bidratt. Dei to største næringsbidraga kjem førebels frå Austrheim kommuner, der K. Sætre & Sønner AS og Mongstad Vekst AS har gjeve 10.000 kroner kvar.
Austrheim kommune har det største enkeltbidraget, med 30.000 kroner. Gulen kommune og Masfjorden kommune har bidratt med 15.000 kroner kvar.
Vi tar som nemnd høgde for at det kan dukke opp fleire registrerte bidrag etter kvart.
Som oftast blir tala for innsamla pengar per innbyggar høgare i små kommunar enn i store kommunar. Til dømes har det i Alver kommune til no blitt samla inn 38,06 kroner per innbyggar. Det er tredje lågast i Vestland fylke.
Tredje øvst i fylket, og på 24. plass nasjonalt, ligg Solund, med 112,68 innsamla kroner per innbyggar.
Nesten ein halv million kroner har kommunar, innbyggarar og næringsliv frå fensfjordregionen samla inn til årets TV-aksjon.